Registrer stats

søndag 1. februar 2015

Bloggen då?

... Var det nokon som sa til meg i går.. Ja, nei, veit ikkje heilt eg. Det er ikkje det at eg ikkje vil blogge, eg har tenkt på det mange gangar, men det har liksom ikkje blitt. Eg bestemte meg for å ikkje blogge noko eg ikkje var nøgd med når eg starta opp igjen. Det har eg ikkje klart å holde. Det er ikkje alltid så lett å få tid til å dandere maten, eller stille inn lyset for å få gode nok bileter, noko som ofte resulterer i at eg bloggar ting eg ikkje er heilt tilfreds med. Dette er ikkje så kjekt, men eg håpar det kan bli litt lettare no, for eg har fått meg ny blits til kameraet! Det er heilt vanvittig kor mykje betre biletene vert!!

Eg kjøpte denne blitsen, på lefdal. Eg bestemte meg for den på grunnlag av denne testen. Blitsen bur no fast på mitt gode, gamle, melisdekka, Nikon D3000-kamera. Eg er strålande nøgd med det, og kjem nok ikkje til å gidde å bytte det ut med det første.

Her er dei første bileta eg tok med den nye blitsen..

Kamera er stilt inn på "Auto", det er mørkt i rommet, og eg berre siktar og tar bilete. Ingen fokusering, stilling av lys, blender, ISO eller noko. Enkelt og greit, og likevel så fint lys, og så klare bileter! I LOVE IT!

Så må eg skryte litt, for zomar me inn på dette bilete og ser på Eirik - helledussen for ein hjerteknusar han er!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar