Registrer stats

tirsdag 24. februar 2015

Travle dagar

... fører til lite tid til blogging. Som nevnt har me hatt besøk frå det store utland, og det var så kjekt å sjå dei att! Me har allereie booka tur til London, slik at me er sikre på at me får sjå dei ein gang til i år.

Gjestane våre ville veldig gjerne ut med båt igjen. Dei hadde sin første båttur forrige gang dei var her, og syns det er veldig kjekt å vera på sjøen. Dei seier norsk natur er så fantastisk, og det skal eg ikkje seie i mot :) Eirik fekk difor sin første båttur 15. februar - og for ein februardag det var! Sola varma, og det var den første smaken av vår. Deilig!

 
 
Som dykk ser var han godt kledd, og ganske skvist! Så skjønn og god! Det var litt kald vind, så det blei lag på lag med klær, for sikkerhetsskyld. Eg trur han koste seg likevel, eg!

Me kokte vatn på primus, så me vaksne fekk oss kakao med marshmallow i. Det var fastelaven, så det vart òg bollar med syltetøy og krem på! Eirik brukte vatnet til maisgraut med banan i. Det får han kvar dag no, og det verkar som han syns det er godt.
Ellers gjorde me lite spanande medan me hadde besøk. Det var litt vin, mykje-mykje-mykje snop (for norsk sjokolade og chips er enormt mykje betre enn britisk!!), god mat (finnbiff og pinnekjøtt), ein film og mange gode samtalar! For ei langhelg, for eit godt selskap. Gledar meg heise til å sjå dei att i juli!

Ha ein fin kveld, så sjåast me plutselig!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar