Registrer stats

tirsdag 23. desember 2014

Prosjekt kobberspray


Eg har vore på Fretex og shoppa heim to skåler og ein vase til ein lliten penge. Eg kjøpte òg ein kobberspray på panduro, så då var det berre å spraye, fylle ogg og pynte heimen!

 
 
Den største skåla har blomsterverkstaden laga ein plantesamansetting i, medan den andre blir brukt til ymse oppbevaring.
 

Vasen har flytta saman med tre nesten identiske vasar som eg hadde frå før. Også desse er styla med blomar og pynt frå blomsterverkstaden.

 

No er Knøttet for lengst sovna, juletreet er pynta og juleplata til Kurt`n står på repeat. Ahh - her kjem julestemninga krypande! God jul =)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar