Registrer stats

onsdag 1. oktober 2014

Vintage shorts

For første gong har eg sydd noko heilt på eigenhand! Det vil seie at Lisa ikkje har sydd det før meg, og dermed kunna hjelpt på kvar ein liten utfordring . Eg datt over bilete på pintrest, og likte shortsen godt. Framgangsmåte fant eg her.


 Alle sømmer er sydd med både enkelsøm og zigzagsøm

Du trenger:
  • 0,5 meter stoff
  • 4 knappar
  • Strikk
  • Symaskin og tråd

Begynn med å lage klar alle delar. Lag to frontstykker og to bakstykker. Husk at dei skal syast saman, så du må snu mønsteret mellom kvar del, slik at du får begge delane på retta når du snur dei mot kvarande. Du treng og to rektangler til seler, 50 cm x 7,5 cm, og to rektangler til å lage kanten i livet. Frontkant 25,5 cm x 7,5 cm. Bakkant 28 cm x 7,5 cm. Mønster kan du laste ned her, eller så har eg det på pdf, så om nokon ønsker det på mail, berre ta kontakt.

Sy frontane dine saman, og bakstykka saman. Rette mot rette. Sy ned til skrittet, og vent med å sy saman beina. Bruk gjerne rettetang/strykejern til å glatte ut sømmen din.

      
 
Plasser livbåndet som hører til fronten langs livet på fronstykket, rett mot rett, og sy saman.
Gjer det samme med bakstykket. Sy også ein kant langs tangs toppen av båndet, slik at det ikkje raknar opp seinere.


Fest så strikk i nedre del av livbåndet. Fest det først i midten med nåler, langs sømmen, så i sidene med nåler. Sy så fast sidene, så dei ikkje løsnar.

 
 

Brett livbåndet ned over stirkken (mot vranga) og nål det fast. Sy det så fast, men pass på at du ikkje syr fast strikken på innsida! Sy sakte, slik at strikken kan regulere seg etterkvart.


Då har tida komt for å sy fronten og baksida saman. Legg stykkene rett mot rett, og brett livbåndet som er sydd fast i fronststykket ditt ned over bakstykket. Sy så stykka fast, nedover langs beinet på shortsen.

 

Repeter på andre sida. Når du snur shortsen over på retta no, er det ein fin, nesten usynelig søm langs kanten.


Brett så ned livbåndet til fremsida. Snu over på retta, og sy det fast, i same spor som den forrige sømmen går. Slik unngår du enda ein søm. 

Sy så innersømmen langs beina.

Då gjenstår berre falden på sjølve shortsen. Brett opp 1 cm, og så 1 cm til. Nål fast, og sy.


Då gjennstår berre selane til shortsen. Brett dei på langs, rette mot rette, og sy dei saman. Vreng dei, og bruk rettetang/strykejern til å glatte ned sømmen. Brett inn endane, og sy igjen kanten.

 
 
Sy så knappar i shortsen. To på framsida, i livbåndet, og to på livbåndet bak, på innsida av shortsen. Eg brukte symaskina mi til å sy i knappar.

 
 
Til å lage knappehull på selane brukte eg og symaskina. Den har ein eigen knapphullsfot, som gjer det ganske lett. Det var ikkje berre berre, likevel, men etter ørten forsøk blei det heldigvis knapphull i selen til slutt!

Sprett opp innanfor sømmen, og voila. På selane som går ned på baksida av shortsen har eg lagd to knapphull. Dette er for å kunne justere lengden på selane. 

 
 
Her er det endelige resultatet. Eg er kjempefornøyd! :)

 
 
Eg innser at dette må vere ein av tidenes dårlegaste forklaring på "how to", og minnar om at eg har linka til den orginale framgangsmåten lengre oppe! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar