Registrer stats

onsdag 22. oktober 2014

Baby i farta

Alle som kjenner meg veit at eg er ein over gjennomsnittet sosial person. Eg HATAR å kjede meg, og eg elskar å ha mange ballar i lufta. Eg trudde at dette kom til å endre seg når Eirik kom, men det ser ut til at det ikkje var tilfelle. Kanskje ikkje så rart i grunn, sidan det er slik eg alltid har vore?

I det siste har eg tenkt over om det hadde vore bedre for Eirik om me roa ned tempoet. I tillegg til vår daglige trilletur har me alltid ein eller to avtalar oppført i kalenderen. Det kan vere alt frå kontroll på helsestasjonen, babytreff eller kaffi hjå besteforeldre/oldeforeldre, til middag i Byn med studievenninner, shopping eller klubbkveld med jentegjengen.

Mr. O og eg har snakka mykje om korleis me vil oppdra Eirik både før og etter eg vart gravid, og me har alltid sagt at me skal gjere det me syns er riktig, og ikkje høyre på kva alle andre meiner. Det visste me jo at ikkje kom til å verte berre enkelt, men eg syns det er enda vanskelegare enn eg var forberedt på. Eg prøver å fortelle meg sjølv at ingen meiner noko slemt med råda og meiningane sine, men av og til føles det likevel slik. Eg veit sjølv at det ikkje alltid er lett å holde eit nøytralt uttrykk og tie med meiningar, men eg prøver alt eg kan å gjere det no når det kjem til det å vere foreldre. Eg reagerer jo på enkelte ting andre gjer òg. Ikkje at eg tenker dei er dårlege foreldre, eller at eg trur ungane deira tar skade av det, men eg tenker fleire gangar at "å, det hadde ikkje eg gjort" eller noko lignande. Likevel viser eg det aldri (trur eg), eg berre nikkar og smilar litt eller noko..

Når det kjem til det å dra med meg Eirik rundt om kring overalt, så må eg nesten berre følge magefølelsen. Eg føler innerst inne at det går heilt fint. Eg føl jo godt med på han, og ville aldri latt noko gå på bekostning av han. Dersom han ikkje finn roen over ein lengre periode så går eg heim. Han er jo den aller viktigste, og eg vil så gjerne gjere alt rett. Eg veit kor viktig dei valga me tar no er og at det me gjer no vil vere med å forme han for resten av livet. Det er litt av eit ansvar me har tatt på oss. 

No når eg las gjennom her hørtes det jo ut som om me aldri eg heime og kosar oss, men det er me så klart.
Me tilbringer mykje tid her, og det er så kjekt! Me les bøk, syng, pratar og hermar. Me går på tur rundt i huset og ser på lyset, skyggane og maleria på veggen - det er det kjekkaste Eirik veit! Me søv ofte ein liten sofalur oppå kvarandre, og det er det kjekkaste mammaen veit. Då kan eg sitte å stryke han over håret, lukte skikkelig på han, susse han i hjel og berre vere lykkelig. For ein deilig følelse det er å ha ein slik liten, varm og deilig klump på magen! Eg elskar å sjå på at han pustar, og eg prøver å memorere kvar einaste lille detalj med han. For eksempel måten han rynker på nasa medan han søv, og den skjønne spissen på øyra hans. Eg vert aldri lei av å berre sjå!

Vel, tilbake til det eg egentlig skreiv om, så har me konkludert med at me må jo berre gjere det som føles rett for oss. Me er aktive og sosiale begge to, og det vil naturlegvis prege oppveksten til Eirik. Eg var på festival høg-gravid, og ute på byn til langt på natt 2 dagar før termin, så Eirik er jo allereie vant med mitt tempo, og han ser ut til å tilpasse seg fint til det på utsida også. Sjølv om eg av og til er usikker på om me gjer ting "riktig", så er eg i alle fall heilt sikker på at me gjer så godt me kan, så får me kryssa fingrane for at det er godt nok :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar