Registrer stats

søndag 12. oktober 2014

Dagane før Eirik kom til verda

Lørdag 29. august var som vanleg ein ganske hektisk dag. Me var som sagt på stand up på Os fredagskveld, og var ikkje i seng før i 4-tida natt til lørdag. Etter ein roleg frukost og litt husarbeid, vart eg med pappa på sjøen for å trekke garn og krabbeteiner. Eg kom heim rundt klokka 15, og klokka 16 skulle heile familien til foreldra mine for å ete krabbe. Eg skulle med andre ord berre springe gjennom dusjen og pynte meg litt før det bar vidare.


Plutseleg slo det meg at eg ikkje hadde kjent bevegelse den dagen. Eg hadde jo endelig begynt med kynnere, og dei hadde eskalert jevnlig sidan fredag. Det førte til at magen min var ganske hard heile tida, og eg prøvde å berolige meg med at det var grunner til at eg ikkje hadde kjent noko til Knøttet. Eg valgte likevel (så klart) å sette meg i sofaen med ein kopp te med mykje sukker i. Då dette ikkje gav resultat åt eg sjokolade og drakk cola. Då eg fremdeles ikkje kjente noko ringte eg Mr. O og fekk han til å komme heim, eg fant så ein red bull og helte innpå. Det var framleis ingen bevegelser å kjenne, og panikken steig. Eg ringte KK og var på telefonen med dei då Mr. O kom heim. Eg grein og klarte nesten ikkje formidle kva som var problemet. Til slutt fekk dei tak i essensen, og prøvde å berolige meg med at det nok var kynnerene som gjorde at eg ikkje kjente noko. Dei ville likevel ha meg inn på ein sjekk. No var klokka blitt så mykje at eg skulle ha vore på den utvida familiemiddagen, og Mr. O skulle snart ha reist på slektstevne. Det betydde at me måtte gje ganske mange folk ein eller annan informasjon. Me bestemte oss for å ikkje sei noko om bekymringa før me hadde vore på KK, og informerte alle om at kynnarane mine hadde eskalert, at eg syns det var svært ubehagelig og at me difor vart heime.

På KK kobla dei meg raskt opp til ein sparketest (CTG-cardiotokografi). Der fant dei hjertelyd, men det var ingen bevegelse. Det tok lang tid også der inne før dei fekk lokka fram bevegelse ved hjelp av svisker, appelsinjuice og voldsom trykking og poking på magen min. Til slutt våkna Knøttet til og dei konkluderte med at han hadde sovet ekstremt godt, men at han hadde det bra. Dei ville likevel ta ein UL for å vere heilt sikker. Den viste at alt stod bra til. Den bekrefta òg at hovudet var sunket godt ned i bekkenet.

http://www.google.no/url?sa=i&rct=j&q=&esrc=s&source=images&cd=&docid=NPsTPEv98IGduM&tbnid=mdHoM5huBR7tkM:&ved=0CAcQjRw&url=http%3A%2F%2Fwww.gynekologrevuca.sk%2Fvybavenie-ambulancie%2F&ei=fMA6VJXZJobhywP30oLoBw&bvm=bv.77161500,d.bGQ&psig=AFQjCNH17HLmeRWQfqJTI8Y_CmENYDibXw&ust=1413222896911088 Under sparketesten dei utførte fekk dei ikkje berre opp Knøtte sin hjerterytme og bevegelse, men også livmora sin aktivitet. Den viste at eg hadde kraftige, og regelmessige kynnere/rier. Dei utførte ein gynekologisk undersøkelse som viste 2 cm åpning, og konkluderte med at eg hadde maserier. Dei informerte meg om å ikkje få for store forhåpninger, då maserier kan vare lenge, eventuelt opphøre ei tid for så å komme tilbake. Me reiste heim etter å ha fått beskjed om å ringe dersom riene endra karakter og tok seg opp i intensitet.

Desse maseriene er ikkje akkurat koselige, men veldig vond var dei heller ikkje. Dei kom og gjekk og varierte i intensitet. Nokre gongar var det vondt og eg måtte på ein måte krølle meg saman. Det var vondt å strekke seg ut og stå oppreist. Andre gangar var dei berre irriterende som mensensmerter. Det var ikkje noko særleg å gå slik, og det blei ikkje veldig mykje søvn natt til søndag. Søndag, termindato, kom og gjekk, og alt var ved det same. Maseriene var der og dei irriterte, men etter å ha googla ein del innsåg eg at dette faktisk kunne vedvare over fleire veker, så eg bestemte meg for å berre bite det i meg og leve som normalt. Det resulterte i kaffibesøk heime hjå oss. Der fekk næraste familie metta nysgjerrigheten sin. Det hadde komt ganske mange smsar og snappar siste døgnet der folk lurte på om det hadde skjedd noko meir, om ting var i gang, om eg hadde det bra,  om eg trengte noko, og så videre.. :)

Mr. O fekk også brukt termindatoen til å gjere ferdig rampen utanfor (Han har vore  kjempeflink og snekra den heilt sjølv!). Den kom me på i siste liten at me trengte, då trappa opp til ytterdøra er altfor bratt til å få inn og ut ei barnevogn. Flaks at me kom på det, altså!

Me tok tidleg kveld, men også denne natta var noko søvnlaus. Til slutt må eg likevel ha sovna skikkelig, for då eg våkna var det plutseleg mandag og noko var ansleis!
Det var heilt tydeleg at riene var av anna karakter. Eg huska eg låg i senga og smilte for meg sjølv medan eg tenkte;
i dag er dagen eg vert mamma...
 Så vekte eg Mr. O :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar