Registrer stats

tirsdag 28. oktober 2014

Livredd

I helga fekk eg meg ein skikkelig støkk. Eg har aldri vore så redd i heile mitt liv, men heldigvis gjekk det bra.
Eg var på klubb med jentegjengen og Eirik ville ikkje sove. Etter mating og mykje byssing valgte eg difor å gå ein liten tur med vogna slik at han sovna. Det gjorde han og eg satt vogna på terrassen. Eg gjekk inn igjen og koste meg med babycallen rundt halsen.

Etter ei stund hørte eg grining i babycallen, og eg holdt den opp til øyra. Gråten var då vekke, men eg hørte framleis mykje skurring, så eg valgte HELDIGVIS å gå ut og sjå til han likevel. Eg opna terrassedøra og skjønte ingenting. Vogna var ikkje der! Det var bekmørkt og det regna ute. Alt gjekk veldig fort så eg huskar ikkje alle detaljar, men vogna hadde blåst av terrassen. Eg dundra på ruta inn til jentene, og spurta bort til vogna. Synet som møtte meg vil eg aldri gløyme. Vogna låg oppned, og eg fekk den opp så raskt eg kunne. Eg innsåg raskt at Eirik ikkje var i vogna lenger. Eg gjekk no fra å vere redd til å få panikk. Eg skjønte at han hadde falt ut av åpninga i vogna og no låg med ansiktet ned i grusen, med vognposen over seg. Hjarta dundra i brystet mitt og eg var så uendelig redd for at eg hadde mista Eirik. Eg tenkte virkelig at det var store muligheter for at det var så alvorleg. Ein 7 veker gamal gutt kunne vel ikkje fly utav ei vogn, og lande i grusen, uten større konsekvenser?! Alt dette tok maks 5 sekunder. Det er så rart at ein kan tenke og føle så utruleg mykje på så kort tid!

Eg fekk vekk vognposen og fekk Eirik i armane mine. Han hylskreik, og i ettertid skjønner eg jo at det var eit godt tegn, men der og då klarte eg ikkje å sjå noko som helst positivt i den situasjonen. Eg fekk han med meg inn i stua og la han ned på gulvet. No er detaljane endå meir uklare, men eg huskar at ei venninne fekk meg til å ta med meg Eirik opp i andre etasje for å roe han ned. Ho ringte til legevakten. Fram til no hadde eg vore ganske roleg og berre handla på instinkt, men no som andre overtok litt ansvar begynte eg å skjelve over heile kroppen og tårene trilla heilt ustoppelig. Eirik var framleis heilt hysterisk. Eg har tidlegare trudd at han har skreket av full hals, men der tok eg feil. Dette var heilt ansleis. Det var forferdelig. Han var virkelig livredd. Han skreik så fælt at han ikkje trakk pusten og eg fekk han ikkje til å feste seg på brystet. Eg innsåg at han var nok like redd som meg, og at det var min jobb å gjere det bedre! Eg fekk samla meg nok til at pulsen senka seg, og eg fekk trøsta han nok til at han greide å fokusere på brystet mitt og endelig kobla seg på for trøst! Tårene trilla framleis, og eg var så bekymra for at noko var galt, samtidig som eg var evig glad for at han såg ut til å ha det tålig greit.

Fleire av klubbjentene kom opp for å sjå til oss, og alle beroliga meg med at det var positivt at han skreik, og
at han bevegde alle lemmer fint, og at han no såg ut til å roe seg. Eg ville likevel inn på legevakten for å få bekrefta at alt var bra, og venninnna mi som hadde dei på telefonen hadde no forklart dei kva som hadde skjedd, og avtalt at me skulle berre komme innover.

Legen bekrefta heldigvis at alt var bra, og no i ettertid har det nok berre fått konsekvenser for meg, og ikkje for Eirik. TAKK OG LOV!

Eg blir framleis heilt skjelven når eg tenker på kor gale det kunne ha gått. Eg har gått igjennom det i hovudet hundrenvis av gangar. Eg er heilt sikker på at bremsa var på, og venninna mi som tok vogna opp etter alt dramaet har bekrefta at bremsa var framleis på. Det var ikkje så mykje vind den kvelden at dette "burde" ha skjedd. Eg har tidlegare vore redd for å ha vogna ståande ute pga mykje vind, men denne kvelden sveiv det meg ikkje eingang. Alle er heldigvis einige i det. Eg trur det må vere det alt for store regntrekket som har skylda. Det har nok fungert som eit slags segl, slik at heile vogna har letta. Nokon anna forklaring finn eg berre ikkje.

Takk og lov at eg gjekk ut. Tenk om eg hadde tenk "å, han slutta å grine, då sovna han vel igjen då". Babycallen hadde og falt utav vogna, og sidan den er så lett hadde den rulla vidare vekk. Det var difor eg ikkje hørte at Eirik grein lenger. Eg kjem i alle fall aldri til å ikkje sjekke! Det spørs om eg kjem til å gå i frå vogna ute igjen i det heile tatt.. Time will tell. Eg må prøve å tenke at det ikkje var min feil. Ingen kunne forutsjå at det skulle skje. Eg må fokusere på at det gjekk bra, og at Eirik har det heilt fint. Eg håpar at han ikkje kan huske det! Det er meir enn nok at eg må huske det. Plutselig berre dukkar heile scenen opp igjen i hovudet mitt og eg ser det heilt klart for meg. Eg ser vogna ligge der, og eg kjenner på den samme angsten eg hadde fredagen då eg innsåg at den stakkast vetle babyen min låg i grusen og skreik for livet!

I første omgang skal eg vente på det nye regntrekket som er bestilt (så skal eg manne meg opp til å legge han i vogna i det heile tatt), mens eg prisar meg lykkelig over at det gjekk så bra. Han fekk eit skrap under haka, men ellers slapp me unna med ein skikkelig støkk.


2 kommentarer:

  1. Da skulle vera et hjerta,gla for att alt gjekk bra me lillegull:)

    SvarSlett