Registrer stats

mandag 13. april 2015

Pasta med laks og avokadokrem

Pasta og laks kan jo varierast i det uendelige,og eg pleier egentlig å berre ta det eg har i kjøleskapet. Dersom eg har att noko av dippen etter helga brukar eg ofte den i sausen for å få god smak på den. Dersom du er lei av din laksevariant, kan du jo prøve denne vrien neste gang :)

Til 2 personar treng du:
Framgangsmåte:

Kok tagliatelle etter anvisning på pakken og steik laksen. Steik laksen nesten heilt gjennom på skinnsida, før du snur den med andre sida ned. Du ser på høgsida når du nærmar deg gjennomsteikt laks. Etter at du har snudd laksen er det snakk om eit par minutt før den er ferdig, hold varmen høg slik at du får ei sprø og god steikeskorpe på "oppsida" av laksen.


Medan tagliatellen koker og laksen steiker, lagar du sausen. Hell dippen i panna og varm opp. Tilsett melk og/eller fløte og kok opp. Smak deg fram på kor mykje dipp du ønsker. La det koke i nokre minuttar før du tilsetter osten.


La sausen småkoke medan du lagar avokadokremen.



Vend pastaen inn i sausen, fjern skinnet på laksen og server! :)

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar