Registrer stats

torsdag 2. april 2015

Eirik 7 månader!

I går var det 7 heile månader sidan Eirik kom til verda. Det er heilt absurd å tenke på! Det er rart at noko kan gå så fort og så seint å same tid. På ein måte verkar det som om at tida har flydd, og at han berre plutselig var så stor og ferdig med babystadiet. På ei anna side føles det som om at han alltid har vore her. Eg har liksom gløymt litt korleis livet var før. Eg kan ikkje sjå for meg ein kvardag utan han, og eg klarar ikkje heilt å forstå kva eg brukte dagane mine på før...

 

Det har skjedd mykje i det siste med Eirik! Han et meir og meir fast føde, og me brukar både sjølvstyrt mattilvenning og mating. Det vil seie at me matar han med graut/most-mat med skje til nokre måltid, medan han et sjølv til andre måltid. Då gjer me han bitar av ymse mat - kjøtt, grønsaker, frukt, brød osb. I starten fekk han ikkje i seg noko av bitane, då berre saug han på dei og fekk kjenne smak og konsistens. No dei siste dagane merkar eg stor framgang. Det verkar som om at han begynner å knekke "etekoden". Det er jo ikkje så lett for dei, sidan tunga rullar seg slik som den gjer (tilpassa melkedrikking). Maten vert liksom automatisk dytta utav munnen fram til dei lærer seg å styre dette sjølv.


Han har òg fått to tenn! Den fyrste kom igjennom natt til søndag den 29. mars, og den andre kom igjennom natt til tirsdag. No pussar me difor tannebissar både morgon og kveld.


Mobiliteten har også forbedra seg mykje i det siste - han har lært å krype!! Han kryp ved å legge heile underarmen framfor seg og drar seg fram med den samtidig som han skubber med beina. Han bruker ikkje begge håndflatane slik som mange andre gjer. Han dyttar rumpa opp og spenner i frå. Han kraup slik fyrste gong onsdag 26. mars, og har sidan det fått meir og meir teken på det.
På bilete ovanfor prøvar eg å ha ein slags fotoshoot, men han var meir interressert i å fange kameraet...


Han har òg fått dreisen på sitting, men vil eigentlig aller helst stå. Han grip etter nevane mine, og når eg strekker dei ut til han, tar han tak i meg og spenner beina og trykker magen framover på eit vis. På denne måten får han strakt seg ut og reist seg opp. Då gliser han, og hoppar liksom opp og ned. Han viser med heile seg at det avr det han ville oppnå! Katten er framleis ein slagar, og når ho kjem inn i rommet vert han aldeles oppøst og kryp mot ho så fort han kan! :)

Så ja, det har skjedd utruleg mykje den siste månaden, og det er så kjekt å sjå kor flott han utviklar seg. Det einaste som er likt enda er humøret hans. For ein smilande og blid gut! Det er verkeleg ein fryd å få lov å vere Mammaen hans :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar