Registrer stats

søndag 5. april 2015

Det fyrste påskeegget

I går var det påskeafta og i den anledning fekk Eirik sitt fyrste påskeegg! Eg hadde eigentleg bestemt meg for å vente til neste år, men så var eg for å handle inn dei siste tinga før påskestengt, og då datt eg over eit veldig skjønt lite påskeegg...

       

Det meste av innholdet kjøpte eg samstundes. Det er to gule smokkar, eit gult minibestikk, ei gul babyskje, samt ein gul smoothie. Eg datt òg over den superskjønne sjiraffen. Det er ein tannkostholdar med sugekopp på, så no har tannkosten til Eirik fått ein fin oppbevaringsplass! :) Den eineste tingen i egget som ikkje er frå Rema er ein bambusbitering med eit bomulltøystykke hengande på. Passande nok er tøyet kvitt med gule prikkar. Denne biteringen fekk me i Goboken i forrige pakke.


Eirik vart først litt paff over at det kom så mykje greier utav egget...! Deretter byrja han å utforske :)
 

Til slutt var han tilsynelatande kjempefornøyd med både egget og innhaldet, og han gliste frå øyra til øyra!

        
 
God påske!  
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar