Registrer stats

mandag 6. april 2015

Gul kake

... eller suksesskake som det eigentlig heiter, vart prøvd her i påsken for fyrste gong. Oppskrifta fekk eg av bestemora mi, som igjen har den etter si mor. Veldig kjekt med slike gamle oppskrifter!


Eg syntes kaka vart god, men for min del så er den litt for søt. Neste gang tenker eg difor å ha litt maldonsalt i fyllet. Då trur eg den vert heilt fantastisk! :)


Sidan det er påske passa det jo ekstra godt å bake gul kake! Eg la òg oppå nokre marsipan- og sjokoladebitar for å få den enda meir "påskete". Det viser seg forøvrig at marsipan smakar veldig godt saman med gul krem, så det kan anbefalast! :)


Då har me allereie komt til siste dagen av denne påsken. Det vert rart i morgon når Mr. O skal på jobb igjen.. Me hadde så mange ting me skulle gjere i påsken, som ikkje har blitt gjort, så i dag prøver me desperat å få i havn nokre av planane slik at me slepp å ha dårleg samvittighet for å ha slappa av, vert sosial og berre kost oss resten av påsken... :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar