Registrer stats

søndag 21. desember 2014

Konfekt - salt karamell

Så var det førjulstid, og i den anledning har eg dei siste åra laga konfekt. I år er intet unntak, og eg vil dele favorittoppskrifta her. Denne oppskrifta er på konfekt fylt med salt karamell - mmm.

Smelt 150 g mørk kokesjokolade over vannbad, og tilsett 1 ss cocosa (eventuelt delfiafett). Dette gjer eg for å få ein meir flytande konsistens, som igjen gjer at sjokoladen er lettare å jobba med. I tillegg gjer det ein litt blankare sjokolade, slik at finishen på konfekten vert ekstra bra.



Fordel sjokoladen i konfektformer. Denne gangen brukte eg former fra Tupperwear, men eg har også fra panduro og ebay, så det skal ikkje vere noko sak å få fat i.

Sett så formane i frysen, slik at sjokoladen stivnar. Samstundes lagar du karamellen.

Salt karamell:
– 1 dl fløte
– 75 g sukker
– 1 ts vaniljesukker
– 25 g smør
– flaksalt


Kok opp fløte og vaniljesukker i ein kjele, mens du smeltar sukker i ein anna kjele over middels temperatur. Vent til sukkeret blir brunt (får karamellfarge), og hell fløten forsiktig i mens du rører. Rør godt slik at alle eventulle klumper løyser seg opp. Kok blandinga vidare i ca. 10min.

Avkjøl karamellen, og pisk inn smøret med ein visp. Pisk godt, før du smakar til med salt. Knus saltet litt mellom fingrane.Obs at dersom du finknuser saltet forsvinn den karakteristiske saltsmaken i den søte karamellsmaken. Dette er ein smakssak, men eg syns det trengs ein del salt (minst 1/2 ts) for å balansere den ellers så søte sjokoladen og karamellen.

 
 
Fyll så karamellen ned i formane med den stivna sjokoladen. Sett det tilbake i fryseren, medan du smeltar 50 g kokesjokolade over vannbad. Hell denne sjokoladen over de ferdigfyltefylte formene og frys igjen. Oppbevares i kjøleskap etter at dei er ferdig stivna.
 
Enjoy! 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar