Registrer stats

mandag 15. desember 2014

Kake til ettårsdag

Den skjønnaste, godaste, snillaste og herligste niesa i verda vart ett år 27. november. I den anledning skulle eg bake ei kake, og L sa at det var ikkje eigentlig noko tema, men at det gjekk i pastellfargar og dyrefigurar. Ganske frie tøyler med andre ord.


Sidan både eg og L har lagt vår elsk på Hummingbird si gulrotkake, var det også denne gangen den som var innunder lokket av marshmallowfundant.

Eg valgte å lage ein fugl av sukkerpasta, sidan det var eit slags dyretema i besøket. Fuglen forma eg for hand. Sukkerpastaen har eg farga med Wilton pastafarge.



Forøvrig var det ein kjempeflott feiring av ei kjempeflott jente! ❤ 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar