Registrer stats

fredag 28. november 2014

Navnefest

16. november 2011 fridde Mr. O til meg på toppen av Kilimanjaro, og 16. november 2014 hadde me Navnefest for Eirik. Det var heilt tilfeldig, men litt ekstra gøy at det havna på same dato. Tenk kor vanvittig ansleis livet vårt var den dagen vs no. Det er heilt vilt å tenke på kor mykje som har skjedd på dei 3 åra.


Navnefesten vart arrangert av Humanetisk forbund. Det var ein flott seremoni i Grieghallen, med sanginnslag, tale og utdeling av navnetavler. Me var veldig spent på forhånd, sidan me aldri hadde vore på noko lignande før, og me vart veldig fornøyde! Kan absolutt anbefale dette videre. Tidligare har det vore vanskeleg å få plass til mange gjestar, forstod eg, men no som det er flytta til Grieghallen var ikkje dette noko problem. Dei satt av 22 plassar til kvar familie, og ein kunne ønske seg enda fleire ved behov.


Samtidig som sermonien var veldig fin, var den effektiv. Det var veldig greitt at det ikkje var noko ekstra mas og tjas, for babyar (og foreldre) kan jo fort verte utålmodige dersom ting drar ut i det vide og det breie.


Etterpå reiste me "heim", på Smiths møte- og selskapslokale, for middag og kaffi. Det vart servert ei deilig hjortegryte med nybakt brød, og medbrakte kaker fra ymse familiemedlemmar.


Eirik sov seg gjennom heile sermonien i Grieghallen, bilturen heim, middagen og kaffien! Me måtte vekke han litt før klokka 18. på kvelden, for å få tatt nokre bileter med han før me skulle gå heim. Alt i alt var dagen ein kjempesuksess med andre ord!


Tusen takk til alle som hjalp til, deltok og ikkje minst - takk for så mange flotte presangar! :) Eirik er veldig, veldig heldig! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar