Registrer stats

mandag 15. september 2014

Mammaen til Eirik

For 2 veker sidan kom verdens skjønnaste gutt til oss! Han blei født 01.09.2014, kl. 13.09. Han vog 3835 g og var 52 cm lang. Han fekk navnet Eirik, og stjal hjerta til mammen sin umiddelbart. Han hadde mykje mørkt hår og eit våkent blikk fra første stund. Han var rett og slett heilt perfekt og mammen blei so stolt! Han løfta hovudet, kasta seg over på sida og spente i fra med utenkelige krefter. Barnelegane skraut over han og sa han var ein kraftplugg, så mammen blei stolt - igjen.

Sidan då har me hatt mange oppturar, og nokre nedturar, og mammahjerta har blitt stolt mange gangar til, men det har også verka og vridd seg. Det er heilt utruleg å kjenne på så mange følelsar. Ein har jo vore glad og lei seg før, og ein har vore stolt over eigne prestasjoner og over andres prestasjonar. Ein har og elska andre og vore redd for å miste dei. Likevel kan ingenting av dette målast, eller samanlignast, med det å verte mamma. Ikkje for meg i alle fall. Det er så ubeskrivelig intenst. Eit lite klynk, eller ein liten grimase frå det vesle vidunderet er alt som skal til før mammahjerta knyt seg. Det strammar seg heilt over brystet, tårene presser på bak augelokka og det verker i brystene. Heile kroppen alarmerer om at eg må passe på denne vesle tassen. Kroppen min fortel meg at det er min jobb - mitt ansvar. For ein skrekkblanda fryd det er. Du er min. Min baby, min sønn, mitt vidunder og mitt ansvar. Så overveldande, men likevel så fint. Kjærligheten til denne vesle skapningen fyller kroppen min fra topp til tå, og det vert nesten for mykje, for hånd i hånd med denne kjærligheten går frykt og bekymring. Plutselig har eg så alt for mykje å miste.


Desse 14 dagane har vore heilt magiske. Me kosar oss og prøver å berre nyte tida. Eg gledar meg sånn til fortsettelsen!

2 kommentarer: