Registrer stats

fredag 19. september 2014

Dagane flyr

Tenk at me har vore heime med lille Eirik i 16 dagar allereie! Det er heilt sprøtt kor fort tida går. Alle dagane sklir litt saman, og eg skjønnar ikkje heilt at det er mulig for timar å forsvinne så raskt. Me har ingen rutine enda, og det tenker eg at er greitt. Eirik er tross alt ikkje 3 veker ein gang, så det er vel litt tidlig å begynne å stresse med det. Han et når han vil, søv når han vil - og kor han vil, og grin litt innimellom. Han er ikkje veldig feien med å sove aleine enda, men det tenker eg at sikkert går seg til etterkvart. Nokon gongar går det heilt fint å legge han ned i redet sitt, og han har fleire gongar sovet 4 timar samangengende i det, i si eiga seng, medan andre gongar vaknar han umiddelbart når ein legg han ned. Då får han lov å sove på mamma eller pappa sitt bryst. Det er berre koselig! :) Me vekslar med andre ord på å bruke eiga seng og samsoving. Dei første 14 dagane sov han i saman med oss kvar natt, men sidan mandag har eg prøvd å legge han i eiga seng først. Det føltes heilt unaturlig å legge han der i starten, men det blir så varmt når han søv saman med oss, så eg trur eigentlig det er betre for han å sove aleine. Likevel klarar eg ikkje å vere streng på det på nokon som helst måte. Dersom han grin og/eller gjer uttrykk for at han ikkje trivs oppi der aleine, så er han meget kjapt tilbake i mammaen sine armar.

Ellers så et han ganske ofte, men det gjer heller ingenting. Det er stort sett berre koselig og sitte med han i fanget, synge til han og stryke på den mjuke huden. Så luktar han jo sååå godt òg! Av og til på kveldstid kan det likevel bli litt voldsomt mykje amming, så me har så smått begynt med smokk. Han har i følge tanta mi, som er helsesøster, eit stor sugebehov, og eg skulle ikkje ha dårlig samvittighet for å begynne med smokk så tidlig. Eg hadde tenkt å avvente, sidan eg las på ammehjelpen at "Bruk av smokk de første 4 leveukene var assosiert med en signifikant lavere forekomst av eksklusiv amming ved 1 mnd." I følge helsesøster er dette individuelt, og eg kunne sjå vekk i frå det, sidan Eirik åt så godt, hadde så bra sugetak ved amming og hadde lagt på seg så mykje sidan fødselen. Eg kryssar fingrane for at det stemmer! :)

No ligg Eirik ute i vogna si og søv. Det er første gang han verkeleg har funnet roen i vogna, og han har stått ute lenge no! Eg har babycallen på plass i vogna, samt rundt halsen, men det hjelper ikkje så mykje. Eg har vore ute og sett til han minst 10 gongar sidan eg kom heim frå tur. Mr. O sa så fint at eg trengte ikkje babycall dersom eg uansett skulle stå rett attmed vogna.. Lurar på kortid eg blir litt mindre bekymra? Satsar på at det også går seg til av seg sjølv. Dette er jo faktisk første gongen eg har vore "vekke" frå han, med unntak av doing og dusjing, så då er det vel lov å vere litt hysterisk, eller? Nei, no må eg visst ut å sjå til han igjen. Me snakkast!

 God helg frå ei litt overnervøs mamma :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar