Registrer stats

tirsdag 16. februar 2016

The Great Gatsby

I helga var me i 30-årsdag med tema "The Great Gatsby". Det var grådig kjekt å lufte seg litt, og ekstra kjekt er det jo når alle har gjort ein innsats for å sjå litt ekstra stilig ut! Me koste oss i allefall mykje både med forberedelser og på sjølve festen!


Eg fekk spørsmål om å lage kaka, og det syntes eg hørtes gøy ut, så det sa eg ja til. Den består av to etasjer. Ein med gulrotkake, den evinnelige favoritten frå Hummingbird, og ein med ein ny storfavoritt - Texas sjokoladekake!




Takk for invitasjonen, S, og takk for ein flott kveld alle! :)

Kvelden vart dessverre avslutta med beskjed frå barnevakten om at Eirik var sjuk og kasta opp, og sidan den tid har me vore heime og kavd med sjukdom. KJEDELIG! No er eg lei, og håpar på ein bedre dag i morgon. Det kjennes heldigvis ut som eg faktisk får det òg! :)

Litt deilig er det forsåvidt også, å være unnskyldt frå omverden, og berre lukke augene for alt rote, pakke seg inn under teppe og høre på stormen som rasar utanfor. Når sjuko er forbi, er det mykje som står på tapeten! Korleis i all verden skal me rekke å få alt gjort til hussalg/innflyttning?!?






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar