Registrer stats

torsdag 11. februar 2016

Mr. Snake

Er ein slange som kan brukes som sengekant i senga til de minste. Den selges mellom annet her. Den er sikkert heilt topp den, men eg syns at 1000,- er ein stiv pris for ein tøyslange... Derfor tok eg saken i eigne hender og sydde min eigen Mr. Snake. Søstra mi ville også sy ein til niesa mi, så me slo to floger i ein smekk og kjørte overnattingsbesøk med hobbyverkstad. Effektivt og koselig! :)


Eg brukte denne oppskriften, og syns den var veldig grei og oversiktlig! Eg la forøvrig til eit kinderegg fylt med tørre erter i halen, og matpapir i gapet. Dette for å få litt gøye lydeffekter dersom den skal brukes som leike seinere :)


Eg syns den passar fint som presang til babyshower/dåp osv. også, då den er personlig, litt gøy og samtidig praktisk. Eg sydde difor nyleg ein som dåpsgave. Då lærte eg at det ikkje er lurt å bruke stretchstoff til "gap", så dersom du tenker å prøve deg på ein slange, kan du ta med deg det som eit tips på veien :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar