Registrer stats

tirsdag 26. januar 2016

Drømmekjøleskapet

... mitt er toppmodellen til Samsung. Det er heilt magisk! Du kan regulere temperatur i de ulike skuffene, altså få riktig tenperatur på frukt, grønsaker, kjøtt, vin, brus osv. På denne måte har du ISKALD brus, men slepp å få ilinger i tenna når du tygg igjennom eit altfor kaldt jordbær for eksempel. Så konge! I tillegg kan du flytte rundt på hyllene som du vil og lage stor plass for etasjekaker for eksempel - praktisk for meg - eller ha hyllene tett og få plass til mykje. I døra er det is, kaldt vatn og kolsyre.  I bunn er det to gigantiske fryseskuffer. Prikken over i-en er at eine døra kan delast i to på ein måte, og du kan ha det du bruker mest i fremste del, og berre åpne den om du ønsker.. Ikkje så lett å forklare, men, eg kunne i allefall "dødd for" dette kjøleskapet, men prisen nærmer seg 40 000 kroner!

 


Det er jo galskap, og eg skjønner så klart at eg ikkje kan forsvare å bruke i nærheten av ein slik sum på eit kjøleskap. Eg har kikka på andre modeller som ikkje er like fancy, men dei har liksom lagt opp under 20 000 dei og.. Før jul vart lillebroren til modellen ovenfor redusert til 15 000 kroner, og eg hadde så lyst å kjøpe det, men igjen slo fonuften inn, og eg slo det i frå meg.

Me har sidan den gang vore og tegna kjøkken, kor me gjekk for innebygd kjøleskap. Me skulle ha eit heilt "vanlig, kjedelig og billig" kjøleskap. Det kosta rundt 8000,-. Gjett om ikkje lillebroren kom på #superjanuartilbud! til 10 000 kroner rett etterpå me hadde vore på kjøkkenmøte! Det vart hukka heim umiddelbart, og står no trygt og godt i kjelleren til søstra mi og venter på å få flytte inn i drømmehuset! :)


 

Dette har frys i ei side og kjøleskap i ei side. Eg likte tanken på fryseskuffene bedre, for du kan dra dei heilt ut, men dette har gode skuffer nederst og eg syns det ser ut som det er ganske oversiktlig sjølv om det er eit skap. Uansett er det jo bedre enn ein gigantisk fryseboks. Det mangler også temperaturreguleringen på skuffene, den delte døra og kolsyre - med andre ord så mangler det meste.. MEN eg elsker det! Det er stilig og passer perfekt inn på det nye kjøkkenet. Me skal ha svart benkeplate og andre svarte detaljer rundt om, så dette blir bra! Så er det jo luksus med vatn og is i døra, det hadde me ikkje fått i den innebygde varianten. I det store og det heile er eg kjempefeien. Eg var heitl innstilt på å ha ett "heilt vanlig kjøleksap", og det er jo ikkje noko gale i det, men no føler eg på ein måte at dette vert prikken over i-en i kjøkkenet, og eg gledar meg sånn til å ta det i bruk!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar