Registrer stats

torsdag 14. mai 2015

Sjukling i feriemodus

Me har hatt det heilt fantastisk i Spania! Familie, barnelatter, varmt, sol, avslapping, kos, is, sangaria, strand og Kepler er oppsummeringa over minnene eg har danna meg desse vekene! ❤ Det er alltid tungt å komme heim til kalde Norge etter ein slik fantastisk tur. Ekstra tungt blir det når ein kjem heim til eit kjemperotete hus (sjølvforskyldt), ei dobbelseng dynka i inntørka katteurin (den døra vil vere lukka fra no av..), og ei sjuka i full anmarsj (maks hat)!

 

I dag er formen endelig litt bedre. Eg kan ikkje huske å ha vore sjuk på denne måten nokon sinne. Det har vore dritvondt å bevege augene - det kjentes ut som om senene bak auga var alt for korte, og det reiv i dei ved den minste bevegelse! Hjernen min kjentes ut som den var dobbel så stor som vanlig, og den pressa brutalt på kraniet. Det gjorde vondt i hårfestet og kvar ein muskel i kroppen skreik om nåde når eg bevegde meg. Uff, eg får heilt ildt berre eg tenker tilbake på det! Som sagt er eg mykje bedre i dag, så eg satsar på å vere omtrent frisk i morgon! Hurra! :)


Huset er framleis heilt på halv 8, til tross for at Mr. O har prøvd å få litt orden her på kveldstid. Det er ikkje så lett når eg ikkje gjer noko i løpet av dagen, og utgangspunktet var total havari. Håpar me får gjort ein skikkelig innsats i helga. Oi, shit, no kjem eg på at det er 17. mail allereie på søndag. Tida går så fort! 


Apropos at tida flyr, så har Eirik runda 2/3 år! Eg har ein plan om å skrive "Eirik 8 månader!", men som de kanskje skjønna er ikkje fokuset heilt på blogging om dagane - men plutselig! Det gledar eg meg forresten til å skrive! Det har skjedd så utrulig mykje i det siste! Me reiste til syden med ein stor baby, og kom heim med ein liten gut!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar