Registrer stats

tirsdag 15. juli 2014

Sauecupcakes


Til desse muffinsane har eg brukt oppskrifta på Red Velvet cupcakes, eller rød fløyelscupcakes. Oppskrifta fant eg i ei av mine ørten kokebøker:


 
 
Sauane er pynta med minimarshamallows. Hovudet består av eit sjokoladehjarte som eg har limt to halve minimarshmallower på til auge. Eg har deretter brukt ein penn med "blekk" av lakris, til å tegne med.

 
 
De blei litt søte for min smak, då glasuren er ganske søt i utgangspunktet, så eit lass med marshamallow oppå der igjen blei litt overkill. Dette er så klart smak og behag, og det var mange i 30-årsdagen som sa at desse var favorittane, og nett passe søt. Gode er de i allefall, så eg kan trygt anbefala å lage dei :)




søndag 13. juli 2014

Bryllupsbileter - på lerret og i rammer

Då me gifta oss hadde me tidenes beste fotograf! Han heiter Anthony David Vaughan og er i frå Cardiff. Eg studerte med han eit år, då eg var på utveksling frå vidaregåande. Han er utdanna fotograf, og jobbar no profesjonelt som det i London. Her er heimesida hans om de vil kikka på den.

 
 Meg og Mr. Vaghan i bryllaupet :)
 
Me satt att etter bryllaupet med mange hundre flotte bilete! Vanlegvis når du går til fotograf sorterer jo dei bileta, og så kan du kjøpe så og så mange, for mykje pengar. Me fekk alle bileta - ferdig redigert. Det er jo kjempekjekt, men for eit arbeid å velge ut bere nokre få til takkekort, og ikkje minst til å henge opp på veggen!
Me endte til slutt opp med å bestille eit stort lerret av eit av favorittbileta. Det var fleire grunnar til at det var akkurat det som kom på veggen:
  1. Det er nydelig
  2. Det er mykje landskap rundt, så me vart ikkje gigantiske sjølv om lerrete er stort.
  3. Fargane og stemninga i bilete er veldig oppsummerande for heile dagen. Sumar og ingen bekymringar!
  4. Det representerer fleire av mine favorittminner frå dagen: Sjølve vigslinga gjekk jo føre seg på akkurat den brua. Akkurat der vart eg kona til Mr. O. Me satt der etterpå og snakka ilag, og oppsummerte dagen så langt, medan Ant gjekk rundt og snikfotograferte oss. Sidan han var langt nedi skogen og hadde zooma godt inn, visste me ikkje når han tok bilete. Det gjorde at alt blei meir avslappa og naturleg.
Her er bilete han tok:


Me valgte å bestille lerret frå Japan photo. Det kosta oss 890,- inkl. frakt, og måler 100x80 cm. Ikkje noko småtteri med andre ord.

 
 
Det var ikkje så lett å få eit godt bilete av bilete, men me er veldig fornøyd! Fargane stemmer veldig bra overens med orginalen og kvaliteten er god. Det var lett å bruke heimesida deira, og lerrete blei levert godt pakka, kort tid etter bestilling.

Lerrete er bestilt med tanke på vårt nye hus, som ikkje er påbegynt. Me veit kor det skal henge, og eg gledar meg til å få det på plass!

Som sagt hadde me veldig mange bileter frå dagen, så eg bestemte meg for å kjøpe nokre rammer å ha eit større utvalg i. 


Denne ramma kjøpte eg på Europris til rett over hundrelappen! Den består av 5 rammer som står på ei list. Du kan flytte på dei som du vil. Den er så enkel og fin! Eg brukte FUJI og framkalla 100 av bileta GRATIS! Du betalar frakt, og det er det. Bileta var god kvalitet på, og dei kom kjemperaskt i posten.Eg har kløpt ut bileta, så dei passar i rammene. Eg har kløpt ut fleire bileter, og lagt dei klar bak desse bileta. Tanken var at eg skulle rullere på dei. Det har eg endå ikkje gjort, men kanskje eg plutseleg får ånden over meg..

Eg har og ei ramme frå blomsterverkstaden hengande på veggen. Den er meir "mi personlege" ramme.

 
 
Eg har og framkalla 3 bilete i 20x20. Eit av mamma og pappa då dei gifta seg, eit av søstra mi og svogeren min då dei gifta seg, og eit av meg og Mr. O. Tanken er å samle dei i ei ramme, og få dei på veggen òg. Plutseleg ein dag så gjer eg det!


fredag 11. juli 2014

Gravid veke 33

Då har eg lagt bak meg enda ei veke i svangerskapet. TIDA GÅR SÅ FORT! Veketalet i appen viser no 33, og gradestokken ute viser jaggu meg det same! Det er heilt sprøtt kor varmt det er. For min gravide kropp er det visst for varmt. Eg svettar ihjel, og søv enda dårligare enn før. MEN, skal sei det er litt deilig likevel!


Babyverden skriv denne veka at knøttet er 2100 g og 39 cm lang. Det står og at knøttet no begynner å få så liten plass i livmora at det minkar på bevegelsane, men at eg framleis skal kjenne dagleg liv! Dei skriv òg at knøttet draumer. Så rart. Eg tenker jo litt at då må man ha sett og høyrt meir, men det er tydelegvis målt at foster har REM søvn i magen, noko som vanlegvis indikerer ein draumefase.

I går på jobb var det og varmt. Veldig varmt. Me har ein del smittepasientar, noko som betyr at utanpå den tjukke bomulssuniformen skal det enda ein tjukk, tett smittefrakk, så skal du ha hanskar og ikkje minst - munnbind! Alle som har prøvd å gå med eit munnbind over lengre tid, veit at det er grusomt. Det blir så tett og varmt, og ein får på ein måte ikkje nok ny luft, eller, det kjennes i alle fall ikkje slik ut. I tillegg var det litt stress i forbindelse med HLR-øvelsen eg skulle arrangere i dag. Alt måtte klargjerast, så tida gjekk liksom så alt for fort avgårde. Plutselig var eg difor forsinka til ein fryktelig avtale. Voksing. Nedentill. Magen er no så plagsomt i vegen, at eg har gitt heilt opp å ta asnvar for det på eigenhånd. Eg var som sagt for seint ute til timen, og småsprang i varmen fra Bystasjonen til Xibition. Stressa. Varmt. Dehydrert. Dårlig idè.


Eg kom fram til behandlingslokalet gjennomsvett og kjempetørst. Det stod ein karaffel med vatn på disken, og eg drakk like godt opp alt. Så var eg liksom klar for voksing, og blei tatt med inn på eit lite, og selvfølgelig varmt rom. Benken eg skulle ligge på var heilt flat, og kunne ikkje justeres opp i ryggen i det heile tatt.. Behandlaren gjekk i gang, og eg blei meir og meir uvel. Etter ei stund måtte eg be ho stoppe. Ho såg på meg og blei heilt forskrekka - "The baby is coming?!" ropte ho. Eg fekk til slutt formidla at neida, det trudde eg verkeleg  ikkje, men at eg følte meg ikkje bra.. Eg kjente eg var kaldsvett, kvalm og svimmel. Ho gjekk ut og fant vatn, banan og daimsjokolade til meg. Det hjalp, og eg følte meg mykje bedre. Me gjekk difor i gang med behandlingen igjen. Så våkna eg då, men kalde omslag over meg. Eg hadde besvimt. Ikkje bra. Eg MÅ drikke meir, og roe ned turboen min litt, no når det er så varmt.

 Behandlaren konkluderte med at eg ikkje var i form til å halde fram med voksinga. Ho sa eg var "very pail" og at eg heller kunne få ein lett ansiktsmasasje. Eg fekk ikkje lov å gå heller, før det var gått rimelig lang tid og dei var sikker på at eg var heilt tilbake til normalen. Dette er jo egentlig veldig hyggelig og trygt, men der og då gjorde det meg meir stressa, for då var eg plutselig forsinka til båtførarprøven og! STRESS.

Uansett, så endte det med at eg gjekk der i fra meget forsinka, 650 kroner fattigare, etter ein uønska ansiktsmasasje og omtrent 1/3 voksa. PERFEKT...


Silver lining er at eg nådde båtførarprøven med eit nødskrik, og bestod med 49/50 rette svar. WOOP!


onsdag 9. juli 2014

Heimesydd fleecedress

Eg var så godt i gang med å sy til knøttet, så kom finvêret. Det har verkeleg vore fint vêr i heile vår! Eg er sikker på at me kjem til å snakke om denne våren og sumaren i årevis: "Det året du var i magen til mamma var det SÅ fint vêr!".

Det er vel og bra det altså. Eg heiar på fint vêr. Det har berre ikkje blitt sydd så mykje.. I tillegg står symaskina mi borte hjå L. Det er av ein praktisk årsak - ho kan sy, det kan ikkje eg. Ho har lært seg alt no etter at niesa mi kom, noko som er imponerande. Ho er så tålmodig, nøye og flink! Eg er meir sånn, me tar det som det kjem, type. Eg likar ikkje å planlegge så mykje, og eg eig ikkje tålmodighet. Jo mindre eg må tenke, jo bedre er det egentlig. Det har resultert i at eg har gjort ein del blemmertar, som søstra mi synes er veldig vittige.

 
Stoff frå stoff og stil.
 
Til dømes når eg les ei oppskrift og det står noko slikt: nål saman dei to delane, før du syr langs nålene. Då nåler eg saman dei to delane då, inkludert opninga til armar, bein og hals. Eg er jo ikkje heitl idiot, så eg skjønnar jo egentlig at eg ikkje skal sy saman opninga til hovudet (heilt sant!), men eg berre koblar ut alt og nåler eg.. Så sitt Lisa der og ler seg ihjel.. Heldigvis rettar ho på meg, slik at eg slepp å rette opp igjen. Eller kanskje hadde eg ikkje sydd over? Kanskje hadde hjernen til slutt begynt å virke og sagt: HALLO! Ungen skal liksom inni denne dressen! Uansett, så står symaskina og alt sypøet mitt der, så det vert ikkje til at eg sett meg ned og syr litt på kveldane her heime. Plutselig skal eg ta alt rotet mitt heimatt, og då skal de berre sjå at det vert sydd ting! Eller kanskje ikkje..?
Med ein del hjelp frå Lisa, som har sydd sin eigen heildress, har eg altså sydd ein fleecedress til knøttet. Oppskrift og mønster er henta på denne bloggen. Den dressen er sydd med hette, det er ikkje min. Ellers er dei (i teorien) like.

 
 
Min endring er altså at eg har kløpt til robotstoff, til kant langs halsen, i staden for å sy hette. Stykket er ca. 2 cm bredt, og måler ca 2 cm lengre en halsopningen. Stoffet er så bretta dobbelt, festa og sydd på vranga av dressen. Kantstykket er så bretta inn og sydd fast på vranga, på begge sider. Skjønnar?

 
 
Eg er som alltid strålande fornøyd med eigen innsats! Berre håpar at dressen passar når kulden kjem...
Husk; kan eg, så kan i alle fall du!


tirsdag 8. juli 2014

Nynorsk

Som forhåpentlegvis alle veit, har me i Noreg to skriftspråk, Nynorsk og Bokmål. I tillegg har me ekstremt mange dialektar. Kommunnen eg bur i er ein nynorsk kommune, noko som vil seie at alt av "offisielle greier" er på nynorsk. Me snakkar dialekt og skriv nynorsk. Det betyr òg at på skulen her, er det bokmål som er sidemålet. Likevel er eg tryggare på rettskriving på bokmål. Kvifor er det slik? Kanskje fordi eg les så mykje bøker, og dei som regel er på bokmål? Kanskje fordi det meste på fjernsynet er teksta på bokmål? Ikkje veit eg, men slik har det i alle fall blitt. Eg trur forøvrig at no er det nynorske skriftspråket så utvatna at det meste er lov å skrive. Til dømes "bli". Ein må ikkje skrive "eg skal verte..", ei kan no skrive "eg skal bli". Det trur eg ikkje ein kunne før, utan at eg skal seie det heilt sikkert. Andre ord som er lov no er "håpe". Når eg gjekk i skulen (Ha, plutseleg vart eg 100 år), måtte me skrive "vonar".


Uansett. Dette veldig spanande innlegget kjem på bakgrunn av at eg no har bestemt meg for å skrive nynorsk på bloggen. Det vert nok ikkje hardnakka god, gamaldags nynorsk med flotte ord som "Vindauga", "Røynd", "Von" og "Hugleik", for det er eg ikkje heilt komfortabel med, men det er eg heller ikkje med orda eg brukar no. Det er heilt unaturleg å skrive "Jeg", "ikke", "gjøre" og "spise". Eg får oppriktig vondt når eg skriv det, for det er ikkje meg. Det er heilt rart, men det skjer ein fysisk reaksjon i hjernen min når eg skriv "jeg" og "ikke". Det vert heilt tull, og eg kjenner eg vert litt sur. Kanskje eg har ein liten nynorsk krigar i hovudet, som vert sint på meg...?


Eg oppretta bloggen for å ha ein plass å samle tankar og minner frå tida som gravid. Det er utruleg greit å ha det her, så kan eg sjå tilbake på det i seinare tid og huske korleis det var. I tillegg ønska eg ein plass å legge oppskrifter. Det er veldig greit at dei ligg på nett, for då kan eg finne dei når eg er å handlar, og eg kan sende link til ei venninne dersom ho lurar på ei oppskrift. Eg hadde og håpa at bloggen skulle verke som ein motivator for å skrive ned oppskrifter. Det har den visst ikkje gjort... Eg er utruleg dårleg på å skrive ned kva eg har i maten når eg lagar den. Dette er veldig synd, for plutseleg lagar eg faktisk noko som er kjempegodt, men ikkje søren om eg får det til like godt ein anna gang! Det er forsåvidt òg grunnen til at nesten ingen av middagsrettane kjem på bloggen - eg har ikkje nøyaktig oppskrift på dei.. Fy. Kanskje det skal verte målet no framover? Bli flinkare å skrive ned oppskrifter medan du lagar dei!




Der vart det ein digresjon, gitt. Tilbake til poenget; bloggen skulle vere ein plass der eg kunne samle minner og oppskrifter. Ein plass der eg kunne skrive om korleis eg hadde det, og få lufte frustrasjon og bekymring. Ein frisone. Eg trur det blir meir naturleg for meg å ha frisona mi på nynorsk. Det var det eg egentlig skulle fram til med all denne utgreiinga mi.





Forøvrig synes eg det er vanskeleg å bruke bloggen heilt som ein frisone. Det kjem jo tross alt på nett. ALLE kan sjå det. I starten var det kun to-tre andre som hadde adressa til bloggen. No er det mange fleir. Eg trur egentlig ikkje at folk bryr seg så hardt om kva eg skriv eller meiner, men ein vil jo nødig såre nokon, eller forneme dei. Ta barneoppdraging til dømes. Det er så mange meiningar om det. Eg har lenge tenkt på å skrive eit innlegg om kva eg tenker og meiner om saka. Eller, eg har tenkt å skrive om mine tankar rundt korleis eg vil gjere det, og mine bekymringar i forhold til det, men så er det jo dette med ulike meiningar som ikkje er så lett. Sjølv om eg meiner noko, og til dømes søstra mi, eller ei nær venninne meiner noko anna, så betyr jo ikkje det at eg meiner ho gjer det heilt feil, eller motsatt (forhåpentlegvis). Sjølv om eg kjem til å gjere ting ansleis enn mine venninner har gjort, så trur eg ikkje dei sitt bak ryggen min og kviskrar at eg gjer det dårleg, og eg er ei fryktelig mor. Det same gjeld når eg seier/skriv mi meining. Det er bere slik eg tenker, akkurat no. Kan hende eg endrar meining i det knøttet er ute for alt eg veit, men eg meiner i alle fall ikkje at andre si meining er feil, eller at deira måte er dårleg. Berre ansleis. Det må vere lov! Håpar eg. Vonar eg.

Fant forresten denne når eg googla nynorskbileter.


Det er faktisk ei heilt oppriktig frykt hjå meg. At knøttet skal seie ting som "grøt". Så står me der og skrik til kvarandre då. "Da heite graut!" "Nei, grøøøt!" "Du får ikkje graut om du ikkje seie graut!" "Men, mamma, eg er sulten" "Da får so vera!!" Iiik! Sånn har visst eg det i hovudet mitt... Det er nemleg ikkje berre skriftspråket som er utvatna. Me snakkar òg meir og meir utvatna alle mann. Eg har merka stor forskjell etter å ha budd og jobba nokre år i Bergen. Uff. Best å passa på, så ikkje ungen skal "spise mat" og "gjøre lekser"!

Dette blei eit veldig merkeleg innlegg, men det får so vere!



fredag 4. juli 2014

Gravid uke 32

Nok en uke er over, og jeg går inn i den 32. uken av svangerskapet. Babyverden skriver at knøttet nå er 1800 g og 38 cm lang! De skriver videre at nå er det hjernen som vokser mest, og at hodestørrelsen øker mye fremover. Antallet nervesammenkoblinger i hjernen øker også enormt! Ellers er det mer fett som står på tapeten.Knøttet skal bare fortsette å fetes opp og vokse nå de neste ukene.


I går var jeg på svangerskapskontroll hos jordmor, og alt stod bra til. Hun mener at knøttet har snudd seg, slik at hodet ligger ned, ryggen  langs venstre siden av magen min, og rumpa rett opp. Vi snakket litt om amming, mine forventninger til det, ulike utfordringer man kan møte på, og ulike teknikker for å få det til. Jeg fikk et hefte med litt informasjon i, så jeg kan lese meg opp på dette.Neste svangerskapskontroll er om 4 uker, i uke 36. Da hun sa det, innså jeg at shit, her går det unna. Søsteren min fikk niesen min i uke 36, altså om 4 uker fra nå! Kanskje jeg bør starte på den babyklesvaksen da..?


Denne uken har jeg også googlet og letet etter gratis ting. Ikke helt nødvendig kanskje, men når det er så mange tilbud der ute, så er det jo greit å få med seg litt goder, da.

Her er det jeg fant, dersom noen andre er interresert:

- Mammabox
- Libero startboks
- Rimi barnepakke
- Apotek 1 babybox
- Apotekpakken
- Angelcare bleiebøtte



Nå skulle jeg egentlig ha gjort meg klar til å gå på helgens første nattevakt, men det slipper jeg! Det var sykdom på dagvakt lørdag, og dagvakt søndag, på avdelingen, så jeg har byttet med avdelingen og skal heller jobbe de vaktene. Dermed får jeg 2 dagvakter i steden for 3 nattevakter. Jeg kvir meg allerede til å stå opp så tidlig i morgen, men fytti så deilig det er å sitte her i sofaen og ikke skulle på jobb nå!

God helg!!


tirsdag 1. juli 2014

Siste innspurt

I dag er det 1. juli, og dermed akkurat èn måned til jeg har min siste arbeidsdag! Akkurat nå, om akkurat èn måned sitter jeg kanskje akkurat her, og skriver at jeg har kommet hjem fra jobb for siste gang på veldig, veldig, lenge.


Den siste tiden har jeg egentlig vært helt overbevist om at jeg kom til å sykemelde meg snart. "Alle" sier at jeg burde gjøre det. "Det er ingen som vil takke deg for at du går tiden ut", "Du kommer til å gå på en smell", "Hvorfor er det så viktig for deg å gå tiden ut?" og "Jeg angrer sånn på at jeg ikke sykemeldte meg før..." er noen av kommentarene folk kommer med. Det var forøvrig ikke på grunn av kommentarer som dette at jeg nærmet meg klar for å kaste inn håndkleet (selv om de definitivt gjør det mer fristende). Det faktumet at jobben min ikke var så veldig giret på å tilrettelegge noe, var derimot en stor årsak til at håndkleet ble tyngre og tyngre å bære.. I dag snudde det derimot!

Som nevnt tidligere jobber jeg som sykepleier på en kirurgisk avdeling på Haukeland. Det er til tider et enormt høyt tempo der. På en "god dag" kan det fort bli tilbakelagt godt over 15 000 skritt, på altfor harde gulv. Det kan også bli mange tunge løft og tøffe tak, både psykisk og fysisk. Dette kunne ta på for sunne-spreke-løperenmil-trenerpåbootcamp-ikkegravide-Gina, så kanskje ikke så rart at det til tider virker helt umulig å gjennomføre nå som jeg i steden er tunge-lungekomprimerte-ødematøse-treneraldri-gravide-Gina...


Jeg har vært med på veldig mange hjertestans i løpet av mine 2 år på avdelingen, og svært få av de har vært "tekstbok". Jeg har derfor tenkt mye på at vi burde hatt flere skikkelige overraskelseøvelser, der "pasientene" ikke ligger klar for HLR i sengen, eller på gulvet, men faktisk er i slike settinger som vi ofte finner de. De kan sitte inneklemt i en stol med mye utstyr rundt seg, være i en bitteliten dusj, sitte på et meget trangt toalettet eller ligge i trappeoppgangen. Jeg har opplevd alle de tilfellene, og da blir situasjonen en helt annen enn om man finner vedkommende i sengen! Jeg foreslo derfor for en tid tilbake at kanskje jeg kunne få lage et opplegg for noen slike øvelsesdager. Dette ville være bra for avdelingen, og det ville være godt for meg med litt avveksling fra den tunge avdelingen. Det ble dessverre ikke noe av da..


Nå har derimot en av de assisterende avdelingssykepleierene funnet ut at jeg foreslo dette tidligere, og hun syntes det var en kjempeidè! Avdelingen vår er ikke godt nok trent, rent praktisk, på hjertestans, og på de årene jeg har jobbet der har vi aldri hatt overraskelsesøvelser på HLR. Det er altså på høy tid! Jeg skal nå få bruke noen arbeidsdager fremover på å planlegge, og arrangere dette, noe som betyr veldig mye mindre løping og løfting på meg, og godt faglig påfyll for mine kollegaer. Det må jo være bedre enn at jeg sykemelder meg?! Jeg gleder meg, og skal ta fatt på det allerede i morgen. Bonusen er at jeg ikke trenger å møte så tidlig som vanlig desse dagene, og ikke minst at jeg slipper å kvi meg ihjel til de neste ukene. Så tusen takk til min assisterende avdelingssjef som reddet det siste av arbeidstiden min!