Registrer stats

mandag 9. mai 2016

Kakedilla

Eg lurar av og til på kvifor eg fekk kakedilla.. Bestemødrene mine, på begge sider, var/er veldig glad i å bake, så kanskje det dryppar der i frå..? Eg begynte i vertfall plutselig å få litt sansen for det, så eksploderte det når søstra mi spurte om eg kunne bake bryllupskaka deira. Eg sa ja, og det gjekk på eit vis, men eg var egentlig altfor uerfaren til det! Tatt i betraktning kor nervøs og uerfaren eg faktisk var, endte eg opp med å vera strålande fornøyd med resultatet! Etter det har det blitt nokre kurs og kaker. Eg syns det er veldig kjekt, men eg er på ingen måte noko proff! Ein del av meg ønsker alltid å perfeksjonere kakene, såklart, men timane flyg når eg heldt på.. Når klokka har blitt 3-4 på morgonen, IGJEN, og kaka skal leveres/henets på formiddagen, og eg skal stå tidlig opp med Eirik, så må eg ta til fonuft og slenge inn håndkleet. Difor er det alltid skjønnhetsfeil på kakene. Ei luftboble, ein ujevnhet i lokket, ei lita rift, også vidare. Det irriterer så brutalt, og ein del av meg slit derfor mykje med å selge/bake til andre enn mine aller næraste. Samtidig så vil eg jo bli bedre, og eg syns det er uendelig kjekt å bli tenkt på når folk skal ha ei litt spesiell kake!

Her kjem nokre bilder av kaka som virkelig fekk ballen til å rulle.



 

  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar