Fastlegen min har ferie, så eg kom til ein annan lege i dag. Det viser seg at ho har jobba på avdelinga som eg er på no, så det blei litt snakk om kva legar som jobbar der endå, kva dei dreiv med og lignande. Trur ho satt pris på å verte oppdatert. Ho tok blodtrykket mitt, som fremdeles var litt lavt, 107/58, og konkluderte meg at her var det på tide med litt tilrettelegging på arbeidsplassen. Eg fortalte at det hadde eg prøvd å få, og forsåvidt fått, men at dei no hadde fjerna det igjen. Ho sa at slik skal det ikkje vere! "Det er berre å skrive at det SKAL du ha! Så enkelt var det med den saken. Eg skulle kanskje ha gått til ho tildligare..? Ho spurte så kor langt på veg eg var, og eg svara 34+4. "Å, men då er me jo langt over det punktet. Me tar deg heilt ut!" var responsen på det. Ho meinte at som høggravid med det blodtrykket, i denne varmen, på den arbeidsplassen var det ikkje noko anna alternativ. Så avslutta ho med "det ser ikkje ut som du er høggravid, du ser veldig godt ut!" Snakk om sjølvtillitsboost!
Det var litt greitt at det var nokon som kjente avdelingen eg jobbar på så godt, for då slapp eg liksom å "forklare meg". Eg veit jo at eg ikkje må det, egentlig, men eg hadde liksom laga ein slags forsvarstale til kvifor det var så tungt, og kvifor eg følte det kanksje var litt voldsomt å jobbe 100 % no i denne varmen. Det slapp eg altså. Eg fekk ikkje begynt på "talen" overhode. Så no er det berre å verte vant med å gå heime! Det er evig lenge til eg skal å jobb igjen, og sjølv om eg gledar meg veldig til å vere heime med Knøttet, kjenner eg at det knyt seg litt i magen. Eg som er så rastlaus og glad i å jobbe. Eg får satsar på at det går seg til heilt av seg sjølv!
Som de ser på bildene har eg landa i sofaen, med beina høgt og blåbærisen i handa. Lurer på kor lenge eg klarer å sitte her før rastlausheten tar meg..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar