Registrer stats

mandag 9. mai 2016

Kakedilla

Eg lurar av og til på kvifor eg fekk kakedilla.. Bestemødrene mine, på begge sider, var/er veldig glad i å bake, så kanskje det dryppar der i frå..? Eg begynte i vertfall plutselig å få litt sansen for det, så eksploderte det når søstra mi spurte om eg kunne bake bryllupskaka deira. Eg sa ja, og det gjekk på eit vis, men eg var egentlig altfor uerfaren til det! Tatt i betraktning kor nervøs og uerfaren eg faktisk var, endte eg opp med å vera strålande fornøyd med resultatet! Etter det har det blitt nokre kurs og kaker. Eg syns det er veldig kjekt, men eg er på ingen måte noko proff! Ein del av meg ønsker alltid å perfeksjonere kakene, såklart, men timane flyg når eg heldt på.. Når klokka har blitt 3-4 på morgonen, IGJEN, og kaka skal leveres/henets på formiddagen, og eg skal stå tidlig opp med Eirik, så må eg ta til fonuft og slenge inn håndkleet. Difor er det alltid skjønnhetsfeil på kakene. Ei luftboble, ein ujevnhet i lokket, ei lita rift, også vidare. Det irriterer så brutalt, og ein del av meg slit derfor mykje med å selge/bake til andre enn mine aller næraste. Samtidig så vil eg jo bli bedre, og eg syns det er uendelig kjekt å bli tenkt på når folk skal ha ei litt spesiell kake!

Her kjem nokre bilder av kaka som virkelig fekk ballen til å rulle.



 

  

søndag 24. april 2016

Sparkling & Maling

Det går sakte, men sikkert - men mest sakte, på fram i huset. Det har tatt så himla lang tid med sparkling og maling. Me har valgt å leige inn folk til å gjere dette, for det hadde på ingen måte blitt eit bra resultat, visst me hadde tatt fatt på det sjølv! Dei begynte før påske, og dei er enda ikkje ferdig. Me ventar og ventar. Eg har litt lyst å gjere noko litt annerledes i huset. Eg er litt lei av "eggekvitt og kaffelatte". Eg har vurdert å male og tapetsere med "gøye ting', men konkluderte til slutt med å stort sett holde det basic, og heller sprite opp med møblar, hyller, bilder, puter også videre.  


Hovudfargen i huset heiter Refleksjon, og er fra jotun. Me har jo veldig store vindu i stua, og var difor redd for at alt skal bli for lyst. Det er jo dumt om me må gå og myse heime heile tida. Me lurte difor på å ta ein mørkare farge, men sidan me har så mange veggflater tett opp mot takplatene, som er klassisk kvit, så såg det så rart ut. Mange fargar vart også for gul og såg skitten ut mot takplatene. Refleksjon er meir grå enn beige, og eg trur det blir bra!

 

I entrèen hadde eg lyst å ha litt farge. Det er her alle får sitt førsteinntrykk av huset, og eg vil at det skal gje ein liten peikepinne på kva som ventar i resten av huset :) Valget falt på Jotun Minty Breeze.

På gjesterommet har me òg våre litt vågal, så der blir det Jotun sin Soft Mint, samt ein vegg med ein diskrèt, men flott tulipantapet (som ikkje har komt opp).



Som grunnfarge på alle øvrige soverom har me gått for fargen Kalk. Den er litt lunare enn refleksjon, og eg trur den passar bra på soverom.

 

På Eirik sitt rom blir det ein kontrastvegg, Aprilgrønn heiter den, og han valgte den sjølv :) Eg har kjøpt litt veggdekor med jungeltema som skal opp på den veggen, så eg trur det skal blir veldig gøy til slutt :)  











 Vårt soverom har me gjort litt ekstra personlig, og romantisk, med ein kjekk vegg. Der blir det fototapet bak senga. Sneak peak på den:


Bildet har eg tatt på Kilimanjaro, rett etter at me forlova oss. Krysser fingrene for at det blir bra, sjølv om det er forstørra maksimalt..

Håpar dei snart er ferdige, så me kan få sett det endelige resultatet, og ikkje minst, komt oss vidare i prosessen!





tirsdag 22. mars 2016

Et mysterium

Eg kan ikkje fatte og begripe korleis folk i fullt arbeid, med barn, klarer å bygge hus! Det er jo så mange møter, synfaringer, avgjøresler som skal taes og ting som må gjerast heile tida. Eg syns me til stadighet er på møter, enter det er kjøkkenplanlegging, gjennomgang med elektrikker, eller med malere. Flaks for oss at eg jobber 50 % natt - i teorien. No har det vore galskap på jobb, så eg har vel strengt talt jobba 150 % i februar, men likevel. Eg har i allefall litt tid innimellom på dagtid til å gjere slike ting, for det er jo ikkje slik at dei har åpent til Mr. O er ferdig på jobb for eksempel.


Jaja, no begynner detaljene å falle på plass, så eg rekner med at det minkar på møter og styr framover. Eg trur me har tatt alle avgjørelsane som skal takast, så no gjennstår det berre å vente på at malarane skal verte ferdig, slik at me får lagt gulv. Når det er gjort er det berre listing, montering av kjøkken/baderom/garderobe, og utvask som gjennstår! Helledussen! :)

2 veldig slitne folk etter ein heil dag med farting og bestemmelser, og ein litt mindre sliten som velger ut farge til rommet sitt heilt sjølv =)






onsdag 16. mars 2016

Endelig planløsning

Tidligere har eg lagt ut plantegningane våre, der eg viser endringer frå dei orginale tegningane.
Etter kvart i byggeprosessen har me møtt på nokre utfordringar, som har resultert i at me har endra litt på andre etasjen sidan den gangen. Me har valgt å fortsette trappa opp på loftet. I utgangspunktet var det luke i taket, og stige opp, men sidan det er 190 cm under taket, og store areal der oppe, konkluderte me med at me ville ha skikkelig trapp heilt opp. Det var ikkje så lett som me, og utbyggar først tenkte, så ja, undervegs vart det litt utfordringar.

Slik såg det ut oppe før.

Ei stund såg det ut til at me omtrent måtte krype opp trappa, og snike oss inn ei dør på 90 cm. Dårlig løsning når ein først bruker mykje pengar på å komme seg opp..

Då vart det bestemt at det skulle velux-vindu i taket, for å øke takhøyden maks i trappa. I tillegg måtte trappa opp til loftet forskyvast i forhold til trappa under. Det resulterte i at det måtte opp ein støttevegg attmed trappa, som trappa kan monterast i. Då blei det "kontoret" oppe mykje smalare og meir innestengt, så me droppa egentlig det, og fant ut at at me like godt trekte veggen på kjøkkenet 60 cm mot trappa, slik at me fekk større kjøkken. 



 

Til slutt vart det ein vinn-vinn-situasjon med meir kjøkken, trap heilt opp, og eit kjempekoselig bibliotek med bokhyller på heile veggen mot kjøkkenet, plass til ein liten godstol, og peis. Det blir jo magisk. Her har me mange planer for korleis me skal få det riktig så bra, så eg gledar meg allerede til å sitte her og lese!





tirsdag 8. mars 2016

Innmat

Etter at huset vart tett til jul, har det skjedd mykje inne. Det har komt opp vegger, ventilasjon og isolasjon. I tillegg har båd elektrikker og rørlegger vore her og gjort sitt (vertfall mykje av sitt).



Av og til blir Eirik med bort for å sjå kva som foregår, og det er alltid stor stas. Det er jo så mykje å plukke på. Skruar og plankebitar overalt! I tillegg var Onki sine høreklokker med radio ofte ein slagar! På bildene er Tante Lisa og Jenny med og kikkar også.


Då alt var på plass var det tid for plating av vegger og installering av spotter. Dei er ferdig oppe, og i første etasje skal dei gjere seg ferdig denne veka. Skal sei det går unna!


Det blir så bra!! No har flisaren begynt på badene, så i løpet av helga er det forhåentlgvis ferdig!:)




mandag 29. februar 2016

Kranselag


"... også kalt sperreskål eller mønsåsfest, er en gammel byggetradisjon som gikk ut på at snekkerne setter opp en krans eller busk i mønet når huset var under tett tak. Byggeherren spanderte så en fest på snekkerne innen en uke. I dag er dette gjerne en gave eller et måltid. Holdes festen i tide henges det til takk opp flagg eller en blomsterkrans på et synlig sted, vanligvis i mønsåsen på saltak, ellers i et hjørne av flattaksbygg. Dersom dette ikke gjøres innen en uke etter kransen/busken er reist, vanker det i stedet en fillemann eller mønsåskall.
Tradisjonen har røtter som lar seg spore tilbake til Sentral-Europa omkring 1400-tallet"  - Wikipedia
 

                                                                                                                          Første desember 2015 var det kranselag med pizza, snop, brus og tebrød til dei superflinke snekrarane våre! Dei låg forann tidsskjema, og alt tyda på at me skulle være inne i nytt hus til sommaren 2016 som planlagt! HURRA!



Det er litt større enn huset me bur i no, ja.. Også er det veeeldig nærmt! Det er på godt og vondt. Det er veldig kjekt å sjå huset ta form rett utanfor stuevinduet, men samtidig så er det pining å ha det så nærme, og å være så nære, men likevel så langt unna. Eg er klar over at dette går kjempefort, men det føles liksom så lenge til sommeren og innflyttning!  #Tidagårsåsaktenåreingledersegtilnokogøy



tirsdag 16. februar 2016

The Great Gatsby

I helga var me i 30-årsdag med tema "The Great Gatsby". Det var grådig kjekt å lufte seg litt, og ekstra kjekt er det jo når alle har gjort ein innsats for å sjå litt ekstra stilig ut! Me koste oss i allefall mykje både med forberedelser og på sjølve festen!


Eg fekk spørsmål om å lage kaka, og det syntes eg hørtes gøy ut, så det sa eg ja til. Den består av to etasjer. Ein med gulrotkake, den evinnelige favoritten frå Hummingbird, og ein med ein ny storfavoritt - Texas sjokoladekake!




Takk for invitasjonen, S, og takk for ein flott kveld alle! :)

Kvelden vart dessverre avslutta med beskjed frå barnevakten om at Eirik var sjuk og kasta opp, og sidan den tid har me vore heime og kavd med sjukdom. KJEDELIG! No er eg lei, og håpar på ein bedre dag i morgon. Det kjennes heldigvis ut som eg faktisk får det òg! :)

Litt deilig er det forsåvidt også, å være unnskyldt frå omverden, og berre lukke augene for alt rote, pakke seg inn under teppe og høre på stormen som rasar utanfor. Når sjuko er forbi, er det mykje som står på tapeten! Korleis i all verden skal me rekke å få alt gjort til hussalg/innflyttning?!?