Etter kvart i byggeprosessen har me møtt på nokre utfordringar, som har resultert i at me har endra litt på andre etasjen sidan den gangen. Me har valgt å fortsette trappa opp på loftet. I utgangspunktet var det luke i taket, og stige opp, men sidan det er 190 cm under taket, og store areal der oppe, konkluderte me med at me ville ha skikkelig trapp heilt opp. Det var ikkje så lett som me, og utbyggar først tenkte, så ja, undervegs vart det litt utfordringar.
Slik såg det ut oppe før. |
Ei stund såg det ut til at me omtrent måtte krype opp trappa, og snike oss inn ei dør på 90 cm. Dårlig løsning når ein først bruker mykje pengar på å komme seg opp..
Då vart det bestemt at det skulle velux-vindu i taket, for å øke takhøyden maks i trappa. I tillegg måtte trappa opp til loftet forskyvast i forhold til trappa under. Det resulterte i at det måtte opp ein støttevegg attmed trappa, som trappa kan monterast i. Då blei det "kontoret" oppe mykje smalare og meir innestengt, så me droppa egentlig det, og fant ut at at me like godt trekte veggen på kjøkkenet 60 cm mot trappa, slik at me fekk større kjøkken.
Til slutt vart det ein vinn-vinn-situasjon med meir kjøkken, trap heilt opp, og eit kjempekoselig bibliotek med bokhyller på heile veggen mot kjøkkenet, plass til ein liten godstol, og peis. Det blir jo magisk. Her har me mange planer for korleis me skal få det riktig så bra, så eg gledar meg allerede til å sitte her og lese!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar