Det går sakte, men sikkert - men mest sakte, på fram i huset. Det har tatt så himla lang tid med sparkling og maling. Me har valgt å leige inn folk til å gjere dette, for det hadde på ingen måte blitt eit bra resultat, visst me hadde tatt fatt på det sjølv! Dei begynte før påske, og dei er enda ikkje ferdig. Me ventar og ventar. Eg har litt lyst å gjere noko litt annerledes i huset. Eg er litt lei av "eggekvitt og kaffelatte". Eg har vurdert å male og tapetsere med "gøye ting', men konkluderte til slutt med å stort sett holde det basic, og heller sprite opp med møblar, hyller, bilder, puter også videre.
Hovudfargen i huset heiter Refleksjon, og er fra jotun. Me har jo veldig store vindu i stua, og var difor redd for at alt skal bli for lyst. Det er jo dumt om me må gå og myse heime heile tida. Me lurte difor på å ta ein mørkare farge, men sidan me har så mange veggflater tett opp mot takplatene, som er klassisk kvit, så såg det så rart ut. Mange fargar vart også for gul og såg skitten ut mot takplatene. Refleksjon er meir grå enn beige, og eg trur det blir bra!
Som grunnfarge på alle øvrige soverom har me gått for fargen Kalk. Den er litt lunare enn refleksjon, og eg trur den passar bra på soverom.
Vårt soverom har me gjort litt ekstra personlig, og romantisk, med ein kjekk vegg. Der blir det fototapet bak senga. Sneak peak på den:
Bildet har eg tatt på Kilimanjaro, rett etter at me forlova oss. Krysser fingrene for at det blir bra, sjølv om det er forstørra maksimalt..
Håpar dei snart er ferdige, så me kan få sett det endelige resultatet, og ikkje minst, komt oss vidare i prosessen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar