Registrer stats

fredag 25. juli 2014

Gravid veke 35

Denne veka har flydd avgårde. Eg prøver å roe ned og ta det rolig, men det er ikkje så lett. Eg føler det er så mykje som skulle vore gjort før Knøttet kjem, og ein veit jo aldri kortid han faktisk kjem! Sjølv om eg har putla på med ymse heile veka, føler eg at takka vere god hjelp, har eg greid å ikkje overdrive. Mamma har vore her og vaska veggar og tak, medan eg satt på ein stol og vaska inni skap og sorterte i smykker og lignande. I tillegg har pappa vore her og skrudd saman ting, hengt opp ting, smurt dører og styrt på, medan eg har plassert meg på ein krakk under vifta og sortert babyklær, vaska stellekommoden, laga eit system i alle tinga og så vidare. Det manglar ikkje på hjelparar, heldigvis! Takk <3

    

Mr. O har hjelpt til her heime nokre seine kveldar, men det meste av fritida si har han tilbrakt i båten vår, for å prøve å få den sjøklar medan det framleis er fint vêr. Eg hjelper med det eg kan, som er å lage båtputer, sy gardiner og sy ting til Knøttet. Det er ikkje så lett å bidra i så stor grad som ein vil, når det er så høg temperatur, og ein helst skal sitte i ro med beina høgt. Det blir ikkje riktig å ta seg heilt ut på heimebane, når ein er sjukemeldt frå arbeid, liksom.

    

Knøttet er egentlig ikkje eit knøtt lengre no, i følge babyverden. Han er 2500 gram og 42,5 cm!

"Om du kunne plassere fingeren din i fosterets håndflate, ville den lille hånden lukket seg"

Skriv dei og på babyverden. Det er ein koselig tanke. Tenk første gangen den vetle handa lukkar seg rundt fingeren min! #Frysningar!

Dei avsluttar med at det er no i dei siste vekene Knøttet skal legge mest på seg, over 200 gram i veka! Det betyr jo at eg skal bli ganske mykje større og.. Litt godt då, at tenperaturen ser ut til å synke ute! Beklager til alle som går på ferie no (les: Ane) at eg har heia så mykje på dårlegare vêr!
 

Alt i alt er eg veldig fornøyd med veke 34 i svangerskapet! Det var veka der det meste blei gjort! Me har fått unna mykje av forberedelsane, så no gjenstår eigentlig berre småplukk. Det er litt godt å vete!

God helg! :)


onsdag 23. juli 2014

Helgas dåpskake

Til Jonsoksfeiringa i byggefeltet vårt laga eg som alltid gulrotkake. Eg tenker ofte at eg skal lage ei anna kake eg likar, eller eksprimentere med ei ny kake, men når det kjem til stykket lagar eg alltid gulrotkaka. Kvifor? Fordi den er så sabla god! Eg personleg har aldri fått ei bedre kake(kanskje med unntak av pavlova, men den kan jo ikkje leggast lokk på), så då gidd eg liksom ikkje lage ei anna. Putseleg skal eg det likevel, for det kan jo hende at det fins ei kake der ute som er enda bedre! Uansett, så var det ein nabo som smakte den, og syntes den var så god! Ho har nyleg fått ei lita jente, og ho spurte om eg hadde muligheit til å lage denne kaka til dåpen.


Ho hadde ingen spesielle ønsker, men ho hadde sett den eg lagde til niesa mi sin dåp, og likte den. Ho ville altså ha gulrotkake, kvitt lokk og rosa pynt, ellers fekk eg frie tøylar. Det er gøy!

Korleis du legg lokk på ei kake kan du forresten sjå her. Eg brukar å lage lokket av marshmallowfundant, men denne gangen brukte eg ein ferdig fundant som naboen som bestilte kaka hadde kjøpt til formålet. Ellers er all pynt laga av sukkerpasta.





Alle utstikkere som er brukt til å lage sko, figurer, babytopp og bokstaver er kjøpt på ebay. Søk på "cake dekorating equipment" og det dukkar opp mykje artig! For utstyr spesifikt til dåpskaker, søk på "Cake decorating christening" for eksempel.






 
 
Bården langs kanten er laga av perler, kjøpt på heilt vanleg daglegvarebutikk. Eg har sprøyta litt glasur, laga av piska eggekvite og melis - med rosa konditorfarge i, til å feste dei med. Alle rosa-nyansane er laga med same farge, berre ulik mengde. Den er frå Wilton, kjøpt på ebay, og du kan finne den her.


mandag 21. juli 2014

Sjukemeldt

No er eg som overskrifta antydar sjukemeldt. Eg har skrive om tankar rundt sjukemelding før, og eg må ærlig innrømme at eg likar det ikkje. Kvifor det set så langt inne veit eg ikkje, men eg føler det litt som eit nederlag. Eg veit at det er heilt greit, det er på ingen måte unormalt å sjukemelde seg på slutten av eit svangerskap, men eg hadde no uansett tenkt å ikkje gjere det, eg då. Når det er sagt, så kjenner eg at det skal verte godt å sleppe å reise på jobb heile denne veka, i denne varmen!


Fastlegen min har ferie, så eg kom til ein annan lege i dag. Det viser seg at ho har jobba på avdelinga som eg er på no, så det blei litt snakk om kva legar som jobbar der endå, kva dei dreiv med og lignande. Trur ho satt pris på å verte oppdatert. Ho tok blodtrykket mitt, som fremdeles var litt lavt, 107/58, og konkluderte meg at her var det på tide med litt tilrettelegging på arbeidsplassen. Eg fortalte at det hadde eg prøvd å få, og forsåvidt fått, men at dei no hadde fjerna det igjen. Ho sa at slik skal det ikkje vere! "Det er berre å skrive at det SKAL du ha! Så enkelt var det med den saken. Eg skulle kanskje ha gått til ho tildligare..? Ho spurte så kor langt på veg eg var, og eg svara 34+4. "Å, men då er me jo langt over det punktet. Me tar deg heilt ut!" var responsen på det. Ho meinte at som høggravid med det blodtrykket, i denne varmen, på den arbeidsplassen var det ikkje noko anna alternativ. Så avslutta ho med "det ser ikkje ut som du er høggravid, du ser veldig godt ut!" Snakk om sjølvtillitsboost!

    

Det var litt greitt at det var nokon som kjente avdelingen eg jobbar på så godt, for då slapp eg liksom å "forklare meg". Eg veit jo at eg ikkje må det, egentlig, men eg hadde liksom laga ein slags forsvarstale til kvifor det var så tungt, og kvifor eg følte det kanksje var litt voldsomt å jobbe 100 % no i denne varmen. Det slapp eg altså. Eg fekk ikkje begynt på "talen" overhode. Så no er det berre å verte vant med å gå heime! Det er evig lenge til eg skal å jobb igjen, og sjølv om eg gledar meg veldig til å vere heime med Knøttet, kjenner eg at det knyt seg litt i magen. Eg som er så rastlaus og glad i å jobbe. Eg får satsar på at det går seg til heilt av seg sjølv!

Som de ser på bildene har eg landa i sofaen, med beina høgt og blåbærisen i handa. Lurer på kor lenge eg klarer å sitte her før rastlausheten tar meg..




søndag 20. juli 2014

Heimesydd babyrede

Sleepyhead er eit produkt som veldig mange nybakte mødre ser ut til å skaffe seg for tida. Babycare skriver dette om sleepyhead:

Bruk den i sengen din og føl deg trygg på at barnet ligger beskyttet og trygt. Bruk den som innsats i sengen / vugge og gi barnet ditt ett koseligere og mer sikkert miljø, ta den med som en reisemadrass på ferie, bruk den som stelleunderlag eller la babyen ligge i den og leke. 

Det høyres jo fint og flott ut det, men prisen då! Den kostar jo 1200 kroner! Er det berre meg, eller er det mykje? Det tenkte eg i alle fall, før eg prøvde å sy ein. Kanskje er det likevel verdt det?

Som alltid var Lisa min inspirasjon, og du kan sjå her kor ho fant oppskrift og framgangsmåte. Eg kjøpte stoff og vatt på stoff og stil, og gjekk i gang med godt mot.

Her kjem heile prossessen min i bileter:

 
 
Guh, så lett - ikkje sant. Gjort på 1-2-3! Det var faktisk ikkje vanskeleg, og det var gjort på ein formiddag. Det som tok tid og var kronglete var det kantbådet, det som snora skal i gjennom. Det var ikkje bere-bere å få sydd det på fint, og det blei ein del ulydar medan eg holdt på. Eg huskar ikkje heilt kva eg betalte for stoff, vatt, tau og lignande, men det var langt under 1200 kroner! Sjølv om det var litt styr, vil eg anbefale å heller lage ein sjølv enn å kjøpe ein. Det er jo stas med heimelaga ting, og for ein mestringsfølelse! No blei eg heilt inspirert av meg sjølv her. Gledar meg til å ta fatt på eit nytt syprosjekt!

fredag 18. juli 2014

Gravid veke 34

Denne veka føler eg nesten at eg har hatt ferie. Tanta og Onkelen min bur på Troldhaugen, og eg har lånt/passa huset deira medan dei er på ferie. Dei har bestilt husvask til søndag, så eg skulle ikkje vaske etter meg eller noko! Snakk om luksus :)


Eg har jo jobba litt innimellom, men ellers har eg berre hatt besøk, slappa av, nytt utsikten og senka skuldrene. Det er litt godt å komme vekk frå heimen, for når eg er her så finn eg liksom alltid noko eg skulle ha gjort. No hørtes det nesten ut som eg måtte leite etter noko å gjere, men slik er det på ingen måte! Det er så mykje som burde blitt gjort før knøttet kjem..!


Veka har i allefall flydd av gårde, og no er eg i gang med veke 34 av svangerskapet. Det er så sprøtt det! Babyverden skriv denne veka at knøttet har blitt 2300 g og 41 cm. Det fører til at han har så liten plass at han ikkje lenger flyt i livmora, men kviler. Dei skriv og at om han skulle bestemme seg for å komme no, så er det 98 % sjanse for overlevelse. Det hadde faktisk ikkje gjort meg noko om han kom no. Eg er ganske forsynt. Ryggen er vond, kroppen er sliten og no skal tropevarmen komme tilbake. Kan ikkje sei at det fristar så innmari, men. Eg skal egentlig ikkje klage overhode. Eg er i kjempeform, og fartar rundt alle vegar. Hadde eg holdt meg i ro og slappa av hadde eg ikkje hatt noko å klage over. Denne veka har ryggen nesten vore heilt bra, men så tok eg meg visst vatn over hovudet i dag. Eg har vore på storhandling. Litt til knøttet og mykje til båten vår. Veldig kjekt, men veldig slitsomt!

     
 
No burde eg ha brukt tida på ei dåpskake eg skal lage til søndag, men kroppen seier beint nei, så sofaen er inntatt og smågodtet på plass! Heldigvis kjem det ein ny dag i morgon :) 

God helg!