Det gjer det òg lettare å vere sosial etter leggetid. Når Eirik var veldig liten syntes eg det var veldig skummelt å gå nokon plass og la han vere aleine med Mr. O. Ikkje fordi eg ikkje stolar på Mr. O, men sånn er det berre å vere nybakt mamma. Sidan me budde så nære kunne eg likevel gå bort ein tur og sy og mase litt, for dersom Eirik vakna og eg måtte komma heim, så var eg der på null komma svisj!
Viktigst av alt så betyr det at me er naboar at Jenny vert godt kjent med oss, og Eirik med dei, og ikkje minst at Eirik og Jenny vert skikkelig trygge på kvarandre, og glade i kvarandre. Jenny som er ca. 10 månadar eldre enn Eirik viser med heile seg at ho er glad i å vere med Eirik. Ho hoppar og vinkar når me kjem, og grin litt når me går. Når Lisa seier at me skal komme, eller at me skal vere med på tur så hyler ho av fryd! Det er så kjekt! Dei er allereie bestevener :)
Eg er så glad for at det gjekk seg til slik at me ender opp med å bu her alle saman! Eg gledar meg til mange fine år saman med verdas beste naboar ❤
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar