Registrer stats

tirsdag 9. februar 2016

Byggestart





12. oktober 2015var me ferdig å støpe, og få dagar etterpå vart byggesettet levert - ferdig kappa :)



 Me var så klart på plass på tomten for å sjå litt på "onki" som jobba, og Eirik hjalp til:


  

Me fant også igjen sporene me lagde under støpinga, og ein koselig overraskelse frå Mr. O: 
Ø + G = sant, 2015


J, eller Onki (onkel) som han no går under, er som alltid effektiv og før me visste ordet av det var me godt i gang! J satsar på tett hus til jul, og me begynner å bli ekstremt klar for å flytte inn! :)






tirsdag 26. januar 2016

Drømmekjøleskapet

... mitt er toppmodellen til Samsung. Det er heilt magisk! Du kan regulere temperatur i de ulike skuffene, altså få riktig tenperatur på frukt, grønsaker, kjøtt, vin, brus osv. På denne måte har du ISKALD brus, men slepp å få ilinger i tenna når du tygg igjennom eit altfor kaldt jordbær for eksempel. Så konge! I tillegg kan du flytte rundt på hyllene som du vil og lage stor plass for etasjekaker for eksempel - praktisk for meg - eller ha hyllene tett og få plass til mykje. I døra er det is, kaldt vatn og kolsyre.  I bunn er det to gigantiske fryseskuffer. Prikken over i-en er at eine døra kan delast i to på ein måte, og du kan ha det du bruker mest i fremste del, og berre åpne den om du ønsker.. Ikkje så lett å forklare, men, eg kunne i allefall "dødd for" dette kjøleskapet, men prisen nærmer seg 40 000 kroner!

 


Det er jo galskap, og eg skjønner så klart at eg ikkje kan forsvare å bruke i nærheten av ein slik sum på eit kjøleskap. Eg har kikka på andre modeller som ikkje er like fancy, men dei har liksom lagt opp under 20 000 dei og.. Før jul vart lillebroren til modellen ovenfor redusert til 15 000 kroner, og eg hadde så lyst å kjøpe det, men igjen slo fonuften inn, og eg slo det i frå meg.

Me har sidan den gang vore og tegna kjøkken, kor me gjekk for innebygd kjøleskap. Me skulle ha eit heilt "vanlig, kjedelig og billig" kjøleskap. Det kosta rundt 8000,-. Gjett om ikkje lillebroren kom på #superjanuartilbud! til 10 000 kroner rett etterpå me hadde vore på kjøkkenmøte! Det vart hukka heim umiddelbart, og står no trygt og godt i kjelleren til søstra mi og venter på å få flytte inn i drømmehuset! :)


 

Dette har frys i ei side og kjøleskap i ei side. Eg likte tanken på fryseskuffene bedre, for du kan dra dei heilt ut, men dette har gode skuffer nederst og eg syns det ser ut som det er ganske oversiktlig sjølv om det er eit skap. Uansett er det jo bedre enn ein gigantisk fryseboks. Det mangler også temperaturreguleringen på skuffene, den delte døra og kolsyre - med andre ord så mangler det meste.. MEN eg elsker det! Det er stilig og passer perfekt inn på det nye kjøkkenet. Me skal ha svart benkeplate og andre svarte detaljer rundt om, så dette blir bra! Så er det jo luksus med vatn og is i døra, det hadde me ikkje fått i den innebygde varianten. I det store og det heile er eg kjempefeien. Eg var heitl innstilt på å ha ett "heilt vanlig kjøleksap", og det er jo ikkje noko gale i det, men no føler eg på ein måte at dette vert prikken over i-en i kjøkkenet, og eg gledar meg sånn til å ta det i bruk!


onsdag 20. januar 2016

Prosessen før byggestart

Allerede 27. mars 2015 vart byggesøknaden levert. Då gjekk det berre nokre veker før me fekk tilbakemelding om at alt var OK, om me kunne gå i gang når me var klare - HURRA!

No var det duka for møter med alle. Det vil seie Montèr Knarvik (Villanger og sønner AS) som har overblikk over heile prosjektet, elekrikere, rørleggere og ikkje minst - banken..

Slik såg tomten ut før oppstart...



For å snakke litt om Montèr først, så vil eg igjen anbefale dei på det sterkeste! Eg er så glad for at me har nokon som har litt kontroll. Haha! Me forheldt oss til ein der inne, Rune, og han sanka annbud fra, og har sidan holdt ein dialog, med alle de øvrige involverte. Magisk. Dette gjer at me er heilt trygg på at det er flinke og pålitelige håndtverkere som gjer alt arbeide. Me er òg sikra at tidsfrister blir overholdt, og me sparer enormt mykje tid sidan me slepp å snakke med alle leverandører og lignende sjølv til ei kvar tid. I tillegg var det han som tok seg av alt av søknader, dipansasjoner o.l. i starten, slik at når søknaden blei levert, var me sikker på at alt var OK, og at det ville være enkelt og greit for kommunen å godkjenne den. Det anbefales virkelig altså!


 
I juli 2015 gjekk Isdalstø Anleggsservice AS igang med å gjere råtomten flat og fin. Dei var uslåelig på pris, og arbeidet vart utført etter avtale, så anbefaler dei i samme slengen, eg :)


Midt i september var tomten klar, og det var berre å vente på fortsettelsen! Så gøy og spennande. Ekstra kjekt er det at me bur i nabohuset, og dermed får med oss heile proessen. Det er utrulig gøy å følge med så tett på.



Her gjer me oss klare til grovstøp. Min fantastiske svoger gjorde arbeidet på dugnad, og jaggu har du sett - "minmannkan", så han var med også :)


Eirik overvåkar arbeidet, og syns det er stor stas både å følge med på kva dei gjer, og å leike med material som er til overs.

 

12. oktober var det ferdig støpt, og mens det satt seg, venta me på at materiale til sjølve huset skulle bli levert. Endelig gjekk ting raskt på fram!
 


tirsdag 19. januar 2016

Valgets kval fortsetter

I dag er det sofa som okkuerer hjernen. Sofaen me har fra før er gigantisk, og blir alt for stor for TV-kroken i stua oppe, den skal derfor stå i kjellertua. Me treng då ein liten og nett sofa til TV-kroken, som kan være maks 2400 cm brei, då det er så brei veggen er.. Det viste seg å ikkje være dødslett på budsjett - kven skulle trudd?

Eg har imidlertid greid å eliminere meg ned til 2 alternativer, og i dag i kaffibesøk sa vår snille Bestemor-Karina at ho gjerne ville spandere på oss ein av dei i innlyttningspresang!!

Begge sofaene er på salg på Trademax. Den til venstre er egentlig min favoritt, den er også 1000,- billigere! Den heiter Enjoy, og Trademax har mellom annet dette å skrive om den:

"Enjoy er trukket i stoff som oppfyller EU standard krav og er godkjent av lysekthet, pilling og slitasje. Stoffet inneholder ingen giftstoffer eller farlige kjemikalier. Trekket til rygg- og sitteputene er avtagbare som gjør at sofaen er lett å vedlikeholde og holde rent."



Det står ikkje noko om det EU-greine om den andre, og då vert eg umiddelbart bekymra for at den har ett "dårligere" stoff...

Fordelen med sofaen til høgre, som for øvrig heiter, Crazy, er at den serien kjem med mykje tilbehør. Det vil sei at me kan få puff med oppbevaring i samme stoff for eksempel... Eventuelt eit salongbord som dette:

Eg lurer sånn på korleis det blir til slutt dette huset... Satsar på det blir bra uansett kva beslutningar me tar på alle dei tusen valga.. :)

Forøvrig så var det kjempekjekt på besøk hjå Oldemor, og for ein nydelig dag det har vore!

   

 



mandag 18. januar 2016

Back in need!

Det var lenge siden det! Når ein først ramla av, så er det så vanvittig vanskelig å begynne på igjen. Til jul lagde eg fotobok fra det første året til Eirik, og det var så flott å ha blogginnleggene å sjå tilbake på! Der hadde eg oversikt over kortid han gjorde ditt&datt og kor i utviklingen han var for kvar måned. No som me bygger hus, er eg ofte inne på søstra mi sin blogg, då slepp eg å heile tida spørre ho kva dei gjorde med ting&tang. Det er så greit! Eg har derfor tenkt mykje på å begynne å blogge igjen. Med husbygging har eg mykje å skrive om framover, og eg treng desperat litt hjelp, så "here I am" :)

Me er godt i gang med byggingen, og tusen valg er tatt. Likevel gjenstår det et hav av valg, og hjernen min koker over! OVERBOIL!!

Eg heldt no på å sjå på spisestuestoler, og hadde egentlig bestemt meg for å gå for litt farger! Det kan fort bli veldig kvitt og upersonlig, men desse stolene ville nok ha blitt ein veldig gøy kontrast!

RANA fra Furniturebox











No datt eg imidlertid over desse på JYSK..




Her ligg det tre anmeldelser, og alle er strålande. Det trekkes fram god sittekomfort og fint design! Eg finn ingen vurdering av RANA. Tenk om dei er knallharde og dårlige å sitte på!? KLARUP har jo polstra sete.. Imidlertid så er dei jo einsfarga, og litt kjedelige.. Dei kvite trur eg blir for lyse mot kvite vegger og høyglans spisebord, men dei svarte kunne jo ha gått...? RANA blir kanskje rare mot høyglansbord, forresten? Måtte eg då hatt eikebein på spisebordet?! #ALTFORMANGEVALG

Eventuelt går det an å gå for denne varianten av KLARUP, for å bryte litt opp det einsfarga...



Dette blir ikkje lett! Hjelp mottas med takk! Nokon som tilfeldigvis har prøvd ein RANA-stol, kanskje?




onsdag 20. mai 2015

Boble

Eg begynner endelig å nærme meg heilt frisk, men no er Eirik ikkje i form. Han balar med magen sin, så det er dårlig med søvn om dagane. Han er henvist for å få meir hjelp no, så håpar dei finn ut av det snart! :)

Ellers er eg i ei boble for tida. Ei neongrøn, positiv, veldig sosial, men travel og altoppslukande boble. Eg har begynt som distributør for noko som heiter It Works. Det er ein hudpleieserie som er 100 % naturlig. Altså består den berre av urter - ingen parabener, kjemikalier o.l. Produktene er virkelig gode. Eg har ikkje brukt dei så lenge, men merkar allereie at hudormane mine har blitt bedre :) I tillegg har eg sett dei i bruk på så mange no at eg ikkje lengre er i tvil. Dette fungerer. Det må vere dei beste antiage-produkta nokon sinne!
I love it!

www.ghs.myitworks.com

I tillegg er det ein kroppswrap i serien, den hjelper kroppen å kvitte seg med avfall ( i tillegg til å stramme opp hud, redusere strekkmerker/cellulitter osv. men det er ein bonus). Visste du at eit voksent menneske kan ha opp til 10 kg(!) med slagg og elendighet i tarmene sine. Det er ganske brutalt det.. Ugg.

www.ghs.myitworks.com

Uansett, så går mykje av den ledige tida mi om dagane med på dette. Skaffe kunder, lage reklameflyers, stå på stand, arrangere demoer, lage annonser til avisa, skaffe distributører osv. Travelt, men gøy! Det kjekkaste er at det viser etter veldig raskt! Då eg holdt på med Tupperware var eg månedens beste selger omtrent kvar måned (sjølvskryt!), men eg vart på ingen måte rik av det likevel. Pluss at eg måtte ha eit gedigent lager av ting heime (som eg fremdeles har på loftet), og eg måtte ned på lageret for å hente bestillingen kvar måned, påkke den opp og fordele den i posar til kundene, og så levere til kundene. Det tok mykje tid det! No bestiller kunden i min nettbutikk, så kjem det i posten heim til dei. Så lett! Eg har lagt ut ganske mykje penger på dette, på utstyr, stand, printing osv, og likevel ser det ut til at eg skal gå i ein solid pluss denne måneden! Veldig gøy når hardt arbeid lønner seg!

Eg er evig optimist, og tenker at dersom eg står på no, jobbar beinhardt, så kan dette bli ein flott biinntekt for meg på sikt! =)

Snakkast når bobla mistar litt luft :)


torsdag 14. mai 2015

Sjukling i feriemodus

Me har hatt det heilt fantastisk i Spania! Familie, barnelatter, varmt, sol, avslapping, kos, is, sangaria, strand og Kepler er oppsummeringa over minnene eg har danna meg desse vekene! ❤ Det er alltid tungt å komme heim til kalde Norge etter ein slik fantastisk tur. Ekstra tungt blir det når ein kjem heim til eit kjemperotete hus (sjølvforskyldt), ei dobbelseng dynka i inntørka katteurin (den døra vil vere lukka fra no av..), og ei sjuka i full anmarsj (maks hat)!

 

I dag er formen endelig litt bedre. Eg kan ikkje huske å ha vore sjuk på denne måten nokon sinne. Det har vore dritvondt å bevege augene - det kjentes ut som om senene bak auga var alt for korte, og det reiv i dei ved den minste bevegelse! Hjernen min kjentes ut som den var dobbel så stor som vanlig, og den pressa brutalt på kraniet. Det gjorde vondt i hårfestet og kvar ein muskel i kroppen skreik om nåde når eg bevegde meg. Uff, eg får heilt ildt berre eg tenker tilbake på det! Som sagt er eg mykje bedre i dag, så eg satsar på å vere omtrent frisk i morgon! Hurra! :)


Huset er framleis heilt på halv 8, til tross for at Mr. O har prøvd å få litt orden her på kveldstid. Det er ikkje så lett når eg ikkje gjer noko i løpet av dagen, og utgangspunktet var total havari. Håpar me får gjort ein skikkelig innsats i helga. Oi, shit, no kjem eg på at det er 17. mail allereie på søndag. Tida går så fort! 


Apropos at tida flyr, så har Eirik runda 2/3 år! Eg har ein plan om å skrive "Eirik 8 månader!", men som de kanskje skjønna er ikkje fokuset heilt på blogging om dagane - men plutselig! Det gledar eg meg forresten til å skrive! Det har skjedd så utrulig mykje i det siste! Me reiste til syden med ein stor baby, og kom heim med ein liten gut! ❤